68°4′56.820″N 15°38′35.916″E / 68.08245000°N 15.64331000°E / 68.08245000; 15.64331000

Hamsunsenteret
Foto: TorbjørnS (mars 2013)

HamsunsenteretPresteid i Hamarøy er eit kultursenter som har til formål å presentere livet og forfattarskapet til nobelprisvinnaren Knut Hamsun. Hamsunsenteret vert drive av Nordlandsmuseet. Byggherre for Hamsunsenteret var Nordland fylkeskommune.

Ideen om å etablere eit Hamsunsenter på Hamarøy vart lansert sist på 1980-talet. Frå rundt 1980 hadde det lokalt vore arbeidd for å profilere Hamsund og Hamarøy som staden der Knut Pedersen, seinare Knut Hamsun, voks opp. Det har vore arrangert Hamsundagar med sterk litterturfagleg profil annakvart år, og barndomsheimen hans på Hamsund har fungert som eit lite museum. Saman etablerte Hamarøy kommune og Nordland fylkeskommune eit aksjeselskap som skulle arbeide for å realisere målet om eit internasjonalt Hamsunsenter.

Senteret er teikna av den amerikanske arkitekten Steven Holl og stod ferdig 4. august 2009. Etter opninga vart tårnbygget stengt for publikum; det vart gjenopna i juni 2010 med ei stor utstilling om Knut Hamsun og forfattarskapen hans. Senteret har no full heilårsdrift. Direktør for Hamsunsenteret er Bodil Børset.

Kostnadene ved bygging av senteret var 142 millionar kroner, 22 millionar meir enn budsjettert. Byggeleiinga har fått sterk kritikk frå opposisjonen i fylkestinget.[1]

Hamsunsenteret vart heidra med Petter Dass-medaljen i 2010 som ei oppmuntring og støtte i den store oppgåva dei har framfor seg for å gje Knut Hamsun og Hamsunsenteret den posisjonen dei fortener i norsk kulturliv.[2] Hamsunsenteret har også fått fleire nasjonale og internasjonale arkitekturprisar,[3] og i 2011 fekk Hamsunsenteret Statens Byggeskikkpris.[4]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre