Handball er eit lagspel med ball og to mål. I handball kan ein halda ballen i hendene, men berre i eit visst tidsrom. Spelet har meir kontakt enn til dømes fotball, det blir spela på ein mindre bane, og er ofte raskare. Sporten set store krav til utøvarane taktisk og teknisk, og ein handballspelar må vere sterk, hurtig og uthaldande.

Frå ein handballkamp

Handballen er liten, mykje mindre enn ein korgball, slik at det skal vere mogleg å halde han med ei hand (sjølv om det er lovleg å halde han med to hender).

Handball er ein av dei største idrettarne i Noreg.

Laga endre

Kvart lag har 7 spelarar; 2 kantspelarar (høgre og venstre), 2 bakspelarar (høgre og venstre), 1 midtre bakspelar, 1 linjespelar og 1 målvakt.

Bana endre

Handball blir spelt på ei rektangulær bane (40 × 20 meter) med ei linje på midten og eit mål i kvar ende.

Framfor målet er det eit felt forma som ein halvsirkel som har ein radius på seks meter. Dette blir kalla 'målfeltet'. Det er også ein stipla halvsirkel ni meter frå målet. Berre den forsvarande målvakta har lov til å vere inne i målfeltet, sjølv om ein kva som helst spelar kan prøve å ta ballen i lufta innanfor målfeltet. Skulle ein forsvarende spelar prøve å stoppe ein angripar i scoringsposisjon ved å vere innanfor målfeltet, blir det sjumeterskast (straffekast)til det angripande laget.

Reglar endre

Det er lov å gå tre skritt med ballen utan å pakke han (pakke er eit anna ord for sprette), når desse skritta er tatt kan spelaren kaste han til ein medspelar. Banen er avgrensa med strekar som fortel kvar målvaktområdet og speleplanet til utespelarane er. Alle spelarane er med i forsvars- og angrepsfasen av spelet.

Nokre få døme:

  • Skritt - Når ein tar fleire enn tre skritt med ballen uten å pakke han.
  • Tramp - Når ein utespelar trør/er inne i målfeltet eller trør på streken til målfeltet.
  • Frikast - ved brot på reglane får det andre laget frikast.
  • Åtvaring (gult kort) og to-minutts utvising - ved medvetne brot på reglane og ved usportsleg framferd.
  • Fot - Når ein får ballen på foten
  • Dobbelstuss - Når ein pakkar ballen tar han og deretter byrja å pakke han igjen (brot medfører frikast)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.