Handball-NM 1994/Menn

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1994 for menn vart vunnen av Viking Håndballklubb gjennom finalesiger 28 – 25 over Kragerø Idrettsforening.

Kvartfinalane endre

  • Bodø HK – Nordstrand IF 25 – 24 eeo
  • Stavanger IF – IL Runar 25 – 24
  • Kragerø IF – Drammen HK 31 – 24
  • Viking HK – Fredenskorg/Ski 27 – 14

Semifinalane endre

  • Bodø HK – Kragerø IF 25 – 26 eeo
  • Viking HK – Stavanger IF 30 – 23

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 3. desember 1994 framfor 5 398 tilskodarar. Viking tok styringa i kampen i den fyrste omgangen og leia 12-8 ved pause. I den andre omgangen heldt Stavanger-laget stillinga og vann klubbens andre kongepokal tre måls margin til Kragerø.

Viking sin toppskårar vart Rune Erland med 8 nettkjenningar. Asle Gran skåra 6 mål, Øystein Stray og Tor Bjørn Andersen kvar sine 4. Elles skåra Erlend Sødal, Rune Haugseng og Tron Husberg høvesvis 3, 2 og 1 mål. Målvakta Steinar Ege var banas beste utøvar.

Kragerø-måla kom frå Dag Sjøstrøm (8), Simen Muffetangen (6), Sergej Demidov (5), Kjell Ove Aasen (2), Arve Muffetangen (2), Andre Sæteren (1) og Øyvind Garstad (1).

Dommarane Bjørn Erik Børresen og Ole Strand straffa Viking med seks tominutts-utvisingar og Kragerø med tre.

Kjelder endre