Handelskrig (fransk guerre de course) er ei form for sjøkrig som tar sikte på å øydeleggje eller avskjere samband til fienden på havet ved å angripe handelsfartøya deira i staden for å gå til åtak på krigsskipa deira.[1] Blokade er òg eit verkemiddel innan handelskrig, men vert ikkje rekna som ein del av guerre de course, som tyder «forfølgingskrig».

Handelskrig var ein viktig del av sjørkrigsstrategien frå tidleg moderne periode og gjennom den andre verdskrigen. Som regel vert handelskrig valt av svakare marinenasjonar mot ein sterkare marine. Det beste vernet mot handelskrig er for handelsfartøy å segle i ein konvoi med krigsfartøy som eskorte.

Dei første som dreiv handelskrig var sjørøvarane, gjerne bestilt av dei krigførande nasjonane.

Kjelder endre

  1. Norman Friedman (2001). Seapower as Strategy: Navies and National Interests. Naval Institute Press. ISBN 1557502919.