Hanfu (kinesisk 漢服 eller 汉服, pinyin hànfú, minnan hànho̍k eller hanhok, kantonesisk hɔn˧fʊk˨ eller honfuk) er den tradisjonelle drakta nytta av han-kineserar i fleire hundreår før mandsjuar grunnla Qing-dynastiet i 1644 og innførte nye klesskikkar i Kina. Kledestilen har endra seg gjennom tidene, men er typisk sett saman av to eller fleire draktdelar av rikelege mengder stoff som er sveipte rundt kroppen og festa med band og få eller ingen knappar. Som mange andre austasiatiske plagg kryssar ein stoffstykka frå kvar side i halsen, og i hanfu blir det lagt vekt på å ha stykket som vender mot høgre øvst. Eit anna vanleg kjenneteikn på desse draktene er svært lange eller vide erme. Dekorasjonar og hovudplagg kan visa beraren sin status. Drakttypen er i slekt med japansk kimono, koreansk hanbok og vietnamesisk áo tứ thân.

Bruk av hanfu i eit kinesisk bryllaup, brudeparet til høgre.
Ungar i hanfu. Måleri frå Song-dynastiet (960-1279).

Klede ein har forbunde med Kina i nyare tid, som hårpisk og strammare, tettknappa drakter som qipao, har opphav i mandsjuiske kledeskikkar og blei innførte under Qing. Under det tidlege kommuniststyret i landet blei begge typar tradisjonelle drakter forbodne. Dei har i dag gått ut av dagleg bruk blant kinesarar bortsett frå blant nokre geistlege. Ein finn òg døme på bruk av klede med gamle røter i ein del landlege område, men desse draktene er ikkje nødvendigvis rekna som hanfu.

I dag er hanfu mest å sjå i drama som historiske filmar og tv-seriar og kinesisk opera, eller i andre samanhengar som kostyme. Det er også blitt gjort forsøk på å innføra hanfu som nasjonaldrakt i staden for qipao eller vestlege klede, eller som folkedrakt for han-kinesarar. Det blir både rekonstruert historiske drakter og dei blir brukt som inspirasjon for moderne mote.

Soge endre

 
Kvinner frå Tang-dynastiet kledde i ruqun tilreier nyvevd silke. Kopi av eit måleri frå 700-talet av Zhang Xuan.

Mytologisk blir hanfu knytt til Den gule keisaren, slik også materialet silke, som dei finare draktene stort sett blei laga av, er knytt til kona hans Leizu, som skal ha oppdaga det.

Historisk sett kan ein knyta hanfu til Shang-dynastiet (ca.1600-1000 f.Kr). Deira drakter var sette saman av ein knelang yi med smale erme, festa med tøybelte, og eit smalt, ankelsidt skjørt, chang, og eit stoffstykke, bixi, som nådde knea. Det blei gjerne brukt fargesterke primærfargar.

Under det påfølgjande dynastiet, Vestlege Zhou, blei kleda lausare og ermene vidare, og ein byrja henga jadestykke frå tøybeltet. I dette strengt hierarkiske samfunnet blei klede brukte til å markera status, som ermevidde, skjørtelengde, og dekorasjon.

Under Austlege Zhou blei shenyi, ei drakt der over- og underdel var sydde saman, innført. Festedelen av drakta blei forma som eit hjørne som kunne festast ved høgresida av brystet.

Skildring endre

Enkle drakter kan ha to eller tre lag: Eit innerplagg og eit plagg utanpå dette som ein lukker som ei kåpe. Utanpå kan ein så ha endå eit ytterplagg, gjerne ulukka. Ein kan bruka mange fleire plagg og dermed oppnå ulike grader av formalitet.

Dei ulike delane som kan setjast saman til ei heil drakt blir kalla:

  • Yi (衣): Eit jakke- eller kåpeaktig plagg brukt av begge kjønn. Ein lukker det ved å legga eine tøystykket over det andre slik at ein får eit y-mønster ved halsen.
  • Pao (袍): Eit heildekkjande plagg utan opning framme, berre brukt av menn
  • Ru (襦): Skjorte med kryssande opning
  • Shan (衫): Skjorte eller jakke med kryssande opning brukt over yi
  • Qun (裙) eller chang (裳): Skjørt for begge kjønn
  • Ku (褲): Bukser

Drakttypar endre

Visse drakter fekk faste namn og bruksområde:

Bilde Namn Skildring og bruk Snitt
  Banbi (半臂),
banxiu (半袖)
Korterma kappe brukt som alminnelege ytterklede av begge kjønn
  Beizi (褙子) Kappe med lange erme (vide eller smale) brukt av begge kjønn
  Chang-ao (長襖) Formelle klede for kvinner, utvikla frå zhiduo.
  Daopao (道袍),
xingyi (行衣)
Formelle klede for menn
  Diyi (翟衣), huiyu (褘衣), miaofu (庙服) Seremonielle klede for kvinner av keisarleg stand med broderi av blomar og fuglar[1]
  Daxiushan (大袖衫) Formelle klede for kvinner av kongeleg stand
  Lanshan (襴衫) Formelle klede for lærde og studentar som tok keisarleg eksamen  
  Mianfu (冕服) Seremonielle klede for keisarar
  Ruqun (襦裙) Alminneleg todelt drakt for kvinner  
  Shangfu (常服) Alminnelege keisarlege hoffklede
  Shenyi (深衣) Formelle klede for menn  
  Yuanlingshan (圓領衫) Formelle klede for sivile, embetsmenn og adelege  
  Zhiduo (直裰) Vanleg drakt for menn[2][3]

Biletdøme endre

Kopi av eit kjent måleri av Gu Hongzhong frå 900-talet som viser ein høgtståande minister, musikarar og dansarar i ulike former av hanfu frå den tida.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 历代皇后最典型的翟衣 Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine., XICI.net, henta 2009-12-08
  2. 周锡保 (Oct 1986), 《中国古代服饰史》 (PDF) (på kinesisk) (2nd utg.), 中国戏剧出版社, s. 263, henta May 17, 2009 
  3. 朱和平 (July 2001), 《中国服饰史稿》 (PDF) (på kinesisk) (1st utg.), 中州古籍出版社, s. 222–223, henta May 20, 2009 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hanfu