Hang on to Yourself

song av David Bowie
Hang Onto Yourself
Singel av Arnold Corns
B-side

«Man in the Middle»

Språk engelsk
Utgjeve August 1972
Innspelt 25. februar 1971, Radio Luxembourg studios i London
Sjanger Glamrock, protopunk
Lengd 2:51
Selskap B&C Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Arnold Corns-kronologi 
Moonage Daydream
(1971)
Hang Onto Yourself
David Bowie-kronologi
«Starman»
(1972)
Hang Onto Yourself «John, I'm Only Dancing»
(1972)


Hang On to Yourself
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 16. juni 1972[1]
Innspelt November 1971
Sjanger Glamrock[2]
Lengd 2:38
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Hang On to Yourself» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og gjeven ut som singel under namnet Arnold Corns. Ei ny-innspeling av songen vart gjeven ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Hovudriffet er ganske representativt for korleis glamrock knytte ei bru mellom rock and roll frå fortida og punk i (då) framtida. Han er i liknande stil som Eddie Cochran, me har likevel den særeigne stilen som skulle nyttast i mange punksongar, som «Teenage Lobotomy» av Ramones.

Arnold Corns-versjonen endre

I 1971 reiste Bowie til Amerika for første gongen, og «Hang Onto Yourself» var eit resultat av denne første reisa. Det er ein rock and roll, groupie sex-song som først vart spelt inn på ei innspeling der Bowie møtte Gene Vincent.[3] Tom Ayers hadde introdusert Bowie og Vincent i Los Angeles, og ifølgje somme kjelder skal Vincent ha jamma med Bowie på ein studiodemo av «Hang Onto Yourself», medan andre kjelder hevdar han ikkje spelte med Bowie. Uansett skulle Bowie nytte ein av scenerørslene til Vincent, der han sit på huk ved mikrofonen med ein fot bak seg, under Ziggy Stardust-konsertane.[3] Vincent døydde av eit magesår kring åtte månader seinare.

Då Bowie kom attende til Storbritannia med demoen sin av «Hang Onto Yourself», som då berre var ei skisse med eit enkelt vers, eit refreng og det som skulle bli gitarriffet i songen. Bowie nytta songen i det første utkastet til prosjektet hans om å lage ei «falsk rockestjerne», der han skreiv og produserte songar for eit collegeband frå Dulwich kalla The Arnold Corns. Både demoen og Corns-versjonen er blitt kalla uferdig og med eit minutt med stønn og grynting i slutten av songen kan det verke som om Bowie igjen parodierte Marc Bolan.[3]

Hovudriffet i «Hang Onto Yourself» verkar å vere stolen frå «Fire Brigade» av The Move, som igjen stal riffet frå Eddie Cochran sin «Something Else». Tradisjonen fortsette då Sex Pistols nytta delar av «Hang Onto Yourself» på «God Save the Queen».[3]

Arnold Corns-versjonen av «Hang Onto Yourself» vart spelt inn i Radio Luxembourg studio den 25. februar 1971[4] og først gjeve ut av B&C som B-side til singelen «Moonage Daydream» i Storbritannia den 7. mai 1971.[5] Den 11. august 1971 vart han gjeven ut på ny, denne gongen som A-side med B-sida «The Man in the Middle».[6]

  1. «Hang On to Yourself» - 2:55
  2. «The Man in the Middle» - 4:20
Musikarar
  • David Bowie: vokal, piano
  • Freddi Buretti: vokal
  • Mark Carr-Pritchard: gitar
  • Peter DeSomogyi: bass
  • Tim Broadbent: trommer, tamburin

Well the bitter comes out better on a stolen guitar
You're the blessed, we're the Spiders from Mars

David Bowie (1971)

Den offisielle besetninga i bandet, fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti, var fabrikert. Buretti deltok på innspelinga, men bidraga hans drukna ved sidan av Bowie.

Arnold Corns-versjonen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc/EMI-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990. I 2002 vart Arnold Corns-versjonen gjeven ut på bonusdisken på Ziggy Stardust 30th 2CD Anniversary Reissue.

Albumversjonen endre

Bowie sette saman bandet sitt med Mick Ronson, Woddy Woodmansey og Trevor Bolder og gjennom det meste av 1971 øvde bandet hardt, ofte heile natt i eit rom over ein pub i Beckenham. Gjennom månadane forma dei Bowie sine forsøksvise rockesongar som «Hang Onto Yourself» til hardare rockesongar. Albumversjonen av «Hang Onto Yourself» for Ziggy Stardust er raskare og meir dynamisk. Akkordstrukturen er flytta opp eit toneart. Teksten til Bowie er frekkare («she’s a funky-thigh collector», «we move like tigers on vaseline») og Bowie hintar meir i refrenget i staden for å rope det ut.

Albumversjonen av songen vart spelt inn i november 1971 i Trident Studios i London.

Andre utgjevingar endre

  • Han vart gjeven ut som B-side til singelen «John, I'm Only Dancing» i september 1972.
  • Han vart gjeven ut som B-side til singelen «Looking for a Friend» i mai 1985.
  • Den portugisiske versjonen av singelen «Starman» frå september 1972 hadde òg «Hang On to Yourself» som B-side.
  • I november 1972 vart han gjeven ut som B-sida til den amerikanske utgjevinga av singelen «The Jean Genie».
  • Han vart gjeven ut som ein biletdisk i RCA Life Time-biletdiskserie.
  • Han finst òg på den japanske samleplata The Best of David Bowie (1974).

Konsertversjonar endre

Andre versjonar endre

  • Gilby Clarke - The Hangover (1997)
  • Of Montreal - Live i 2009
  • The Pocket FishRMen - Only Bowie
  • Melvin James - David Bowie Acoustic Tribute
  • Kommunity FK - Tribute to David Bowie
  • Mutant Monster Beach Party - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Techno Cowboy - "The Ziggy Stardust Omnichord Album" (2009)
  • Offbeats - "Evolution Of The Stickman" LP (1987)[7]
  • Contraband – På debutplata deira i 1991

Kjelder endre

  1. «Happy 43rd Birthday to Ziggy Stardust». Arkivert frå originalen 4. juli 2017. Henta 22. januar 2015. 
  2. «500 Greatest Albums of All Time : 35 – David Bowie, 'The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars'». Rolling Stone. 31 May 2012. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 22. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Chris O’Leary. «Hang Onto Yourself». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016. 
  4. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.206-207
  5. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.216
  6. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.262
  7. http://www.discogs.com/Offbeats-The-Evolution-Of-The-Stickman/release/2339866

Bakgrunnsstoff endre