Hank Williams (17. september 19231. januar 1953) var ein amerikansk countrymusikar og låtskrivar.[1] Mellom dei mest kjende songane hans er «Hey, Good Lookin'», «Jambalaya (On the Bayou)» og «You Win Again». Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Hank Williams

Fødd17. september 1923
FødestadMount Olive
Død1. januar 1953 (29 år)
DødsstadOak Hill
FødenamnHiriam Williams
AliasLuke the Drifter
OpphavUSA
Aktiv1937–1953
Sjangercountry, blues, honky tonk, honky-tonk
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapSterling Records, MGM Records
Verka somsongar-låtskrivar, songar, gateartist, countrymusikar, jodlar, gitarist, plateartist, komponist
Gift medAudrey Williams, Billie Jean Jones
BornHank Williams, Jett Williams
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Americana Music Association President's Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Barndom endre

Williams vart fødd i Georgiana Butler County i Alabama i 1923.[2] Foreldra var Elonzo Williams og Jessie Lillybelle. Han hadde ein udiagnostisert fødselssjukdom spina bifida occulta som gav smerter heile livet. Denne sjukdommen vart ein faktor i alkohol- og narkotikamisbruket hans.[3]

Williams lærte seg å spele gitar av bluessongaren Rufus Payne. Han stod på scena allereie som tenåring og starat eit band som kalte seg for «Drifting Cowboys». Han forlet skulen utan å fullføre. I 1941 begynte Williams å jobbe for et lokalt radioselskap som het WSFA.

Williams var kalla opp etter Hiram I, men på fødselsattesten var namnet stava feil. Førenamnet var endra til «Hiriam».[4]

Ekteskap og kommersiell suksess endre

I 1943 møtte Williams Audrey Sheppard, som han gifta seg med etter nokre få år. Audrey vart også manager for han då karrieren tok av og han vart ein lokal kjendis. I 1946 spelte Williams inn to singleplater for Sterling Records, «Never Again» og «Honky Tonkin'», som gav stor suksess.[5] Det tok ikke lang tid før Williams signerte med MGM Records og gav ut «Move It On Over», som kom på 4.-plass på countrysonglista til Billboard.[treng kjelde]

Williams vart med i Louisiana Hayride, som hadde sendingar i Shreveport i Louisiana. Etter fleire moderate hittar ga Williams ut sin eigen versjon av Rex Griffins «Lovesick Blues» i 1949 og same år sang Williams denne songen på Grand Ole Opry. Han hadde med seg Bob Mcnett på gitar, Hillous Butrum på bassgitar, Jerry Rivers på fele og Don Helms på steelgitar. Han starta også på «Drifting Cowboys» i 1949. Dette året fekk ekteparet Williams ein son som dei døypte Randall Hank Williams. I 1949 gav han også ut sju hits etter «Lovesick Blues», mellom andre «Wedding Bells», «Mind Your Own Business», «You're Gonna Change» og «My Bucket's Got a Hole in It».

I 1950 byrja Williams å spele inn songar som Luke the Drifter, eit namn som vart gitt til Williams for å bruke i meir religiøse og moralistiske songar.[6] Av frykt for at DJ-ar og dei som valde ut singelplater til jukeboxar ikkje skulle akseptere denne nye stilen frå Williams, og at det skulle skade Williams-namnet, vart namnet etter kvart kutta ut.[treng kjelde] Williams gav ut fleire songar som «My Son Calls Another Man Daddy», «They’ll Never Take Her Love from Me», «Why should We Try Anymore?», «Nobody’s Lonesome for Me», «Long Gone Lonesome Blues», «Why Don’t You Love Me?», «Moanin' the Blues» og «I Just Don’t Like This Kind of Livin'». I 1951 utkom «Dear John», som vart ein hit, men på B-sida. «Cold, Cold Heart» kom ut i 1951 og var den første av mange songar utafor countrygenren frå Williams.

Gospelsongar endre

Williams var òg ein stor bidragsytar til amerikansk gospelmusikk, både ved songar han skreiv sjølv og songar han spelte inn. Mest kjend er kanskje «I saw the Light», som vart sleppt på plate i 1948. Denne har seinare vorte spelt inn av ei rad artistar, m.a. Johnny Cash og Willie Nelson.

Songaren Sondre Bratland har og sunge songen, som heiter «No ser eg ljos» i norsk versjon.

Andre kjende gospelsongar frå Hank Williams er «Calling You», «Jesus Remembered Me», «When God comes and Gathers His Jewels» og «How can you refuse Him now».

Død endre

Williams førte eit turbulent liv med alkohol og narkotika. Han hadde problem med ryggen store deler av livet, og dette kan ha vore ein av årsakene til at han byrja med alkohol og smertestillande medikament. Nyttårshelga 1952–3 vart Williams hyrt inn på to spelejobbar, ein i Charleston i Vest-Virginia, og den andre i Canton i Ohio. Vêret var så dårleg at han ikkje kunne reise med fly. Han leigde ein Cadillac og fekk 17–åringen Charles Carr til å vere sjåfør. På vegen stoppa dei på eit motell i Knoxville der Williams vart dårleg og fekk to dosar morfin. Ein dryg time før midnatt sette Charles Carr kursen mot Canton. På ein trafikkontroll bemerka konstabelen at han meinte personen i baksetet såg død ut, men Carr sa det kom av smertestillande medisinar. Seinare fann Carr ut at Williams var død. Dødsårsaka var eit hjarteinfarkt etter overdose med alkohol og narkotika.[treng kjelde] Nokre månader før hadde han skilt seg frå Audrey og gifta seg med Billy Jean Jones, og like etter at han døde vart Hank si dotter Jett Williams fødd.

Utgjevingar endre

Singlar endre

(utval)

  • 1947 «Never Again (Will I Knock on Your Door)»
  • 1947 «Wealth Won't Save Your Soul»
  • 1947 «My Love for You (Has Turned to Hate)»
  • 1947 «Pan American»
  • 1947 «Move It On Over»
  • 1947 «On the Banks of the Old Pontchartrain»
  • 1948 «My Sweet Love Ain't Around»
  • 1948 «Honky Tonkin'»
  • 1948 «I'm a Long Gone Daddy»
  • 1948 «I Saw the Light»
  • 1948 «A Mansion on the Hill»
  • 1949 «Lovesick Blues» #1
  • 1949 «Never Again (Will I Knock on Your Door)» (b-sida til singelen «Lovesick Blues»), 6.-plass på Billboard si countrysongliste)
  • 1949 «Wedding Bells» #5
  • 1949 «Mind Your Own Business» #5
  • 1949 «You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» #4 «Lost Highway»
  • 1949 «I'm So Lonesome I Could Cry» #1
  • 1949 «My Bucket's Got a Hole In It» #2
  • 1950 «I Just Don't Like This Kind of Living» #5
  • 1950 «Long Gone Lonesome Blues» #1
  • 1950 «My Son Calls Another Man Daddy» (b-sida til singelen «Long Gone Lonesome Blues») #9
  • 1950 «Why Don't You Love Me?» #1
  • 1950 «Why Should We Try Anymore?» #9
  • 1950 «They'll Never Take Her Love from Me» #4
  • 1950 «Moanin' the Blues» #1
  • 1950 «Nobody's Lonesome for Me» #9
  • 1951 «Cold, Cold Heart» #1
  • 1951 «Dear John» #6
  • 1951 «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» #2
  • 1951 «Howlin' at the Moon» #3
  • 1951 «Hey Good Lookin'» #1
  • 1951 «(I Heard That) Lonesome Whistle» #9
  • 1951 «Crazy Heart» #2
  • 1951 «Baby, We're Really in Love» #4
  • 1952 «Honky Tonk Blues» #2
  • 1952 «Half as Much» #2
  • 1952 «Jambalaya (On the Bayou)» #1
  • 1952 «Settin' the Woods on Fire» #3
  • 1952 «You Win Again» #7
  • 1952 «I'll Never Get Out of This World Alive» #1
Posthume utgjevingar
  • 1953 «Kaw-Liga» #1
  • 1953 «Your Cheatin' Heart» #1
  • 1953 «I Won't Be Home No More» #4
  • 1953 «Take These Chains from My Heart» (b-side til «I Won't Be Home No More») #1
  • 1953 «Weary Blues from Waitin'» #7
  • 1955 «Please Don't Let Me Love You» #9
  • 1966 «I'm So Lonesome I Could Cry» #43 re-release
  • 1976 «Why Don't You Love Me» #61 re-release
  • 1989 «There's a Tear in My Beer», og Hank Williams Jr. vart dubba inn i utgjevinga

Kjelder endre

  1. Sputnik music: Hank Williams
  2. «Hank's Bio». The Hank Williams Museum. Arkivert frå originalen 25. september 2019. Henta September 25, 2019. «Hank Williams was born on September 17, 1923, in the rural community of Mount Olive, AL. His birth certificate says "near Garland", Butler County. This is located 50 miles south of Montgomery.» 
  3. Koon, George William 1983, s. 10.
  4. Flippo, Chet 1985, s. 12.
  5. Young & Young 2010, s. 234.
  6. Ching, Barbara 2003, s. p. 55.
Bibliografi