Hans Poulsen Egede (31. januar 16865. november 1758) òg kalla Grønlands apostel, var ein norsk prest av halvt dansk avstamming.

Hans Egede

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1686
Harstad kommune
Død

5. november 1758 (72 år)
Stubbekøbing

Yrke oppdagar, lingvist, misjonær, omsetjar, pastor, prest, botanikar
Språk latin, norsk, grønlandsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Gertrud Rask
Hans Egede på Commons

Egede var fødd på Trondenes i Nordland fylke. Han verka som kapellan i Vågan i Lofoten, men bar lenge på eit kall om å misjonera for protestantismen.

I 1721 hadde Egede overtydd kongen om å rusta ut ein ekspedisjon, og han reiste til Grønland på jakt etter etterkomarar av dei gamle vikingane. Ein kjende til at frå om lag år 1000 hadde det vore norrøn busetnad på Grønland. Dei norrøne bygdene var kristna, men det hadde ikkje vore noko stor kontakt med omverda etter 1300-talet. Egede kjende det som eit kall å reisa til Grønland og liva opp kristendomen. I tillegg kunne det vera at reformasjonen ikkje enno var nådd til utbygdene. Soleis måtte bygdene omvendast frå katolisismen til lutherdomen.

Det synte seg at det ikkje var noko att av dei norrøne bygdene. I staden fann Egede inuittane (eskimoane) og byrja å misjonera mellom dei, godt hjelpt av barna sine, som raskt lærte seg inuittisk. Han grunnla Godthåb (Nuuk), som i dag er Grønlands hovudstad.

Den nye kontakten med Europa førte til ein stor koppeepidemi på Grønland i 1733–34. Egede og kona hans, Gertrud Rask, gjorde ein stor innsats i å stella dei sjuke. Gertrud døydde kort tid etterpå, og Hans drog tilbake til Danmark, men sonen Paul vart igjen for å vidareføra arbeidet.

Egede interesserte seg for det nye landet, han studerte naturen der og laga kart. Då han kom tilbake til København i 1737 teikna han det eldste kartet av Grønland me kjenner. Han gav òg ut ei bok om grønlandsk natur.

I 1740 vart Hans Egede utnemnd til biskop over Grønland. Han leia arbeidet med å utdanna fleire misjonærar som vart sende til landet.

Bakgrunnsstoff endre