Hans Hansen Lillienskiold

Hans Hansen Lillienskiold (fødd omkring 1650 i Bergen, d. 12. januar 1703 ) var lagmann i Bergen frå 1677 til 1684 og amtmann i Finnmark frå 1684 til 1701.

Hans Hansen vart utdanna i København, arbeidde frå 1672 som sekretær ved den dansk-norske ambassaden i Stockholm. Seinare vart han viselagmann og deretter, frå 1677, lagmann i Bergen og Gulating lagdømme. I denne tida stod han i opposisjon til kjøpmennene i Bergen for måten dei utbytta fiskarane. Han vart sagt opp frå lagmanns-embetet. I staden tok han i 1684 over som amtmann i Finnmark, budde i Vadsø frå 1687 til 1701. I 1702 fekk Lillileskiold ei slag oppreising då han vart utnemnd til amtmann i Romsdal og Nordmøre, eit område der han eigde mange jordeigedomar. Han døydde i København før han kunne trå inn i embetet.

Lillienskiold skreiv verket Speculum Boreale ('Nordspegelen') om tilhøva i det nordlege Skandinavia. Han etterlet seg meir enn 6 000 handskrivne sider, mange med illustrasjonar i fleire fargar.

Kjelder endre