Hans Hansson Leirflaten
norsk smed
Hans Hansson Leirflaten (1800–1885) var ein husmann og kunstsmed frå Heidal i Oppland.
Leirflaten reiste til Bergen og gjekk i lære i byen, før han vende tilbake til heimbygda og sette bus som plassemann og smed i Øvre Heidal. Han laga «framifrå låsar, ljår og øksar», «sers vakre dørbeslag» og anna skoningsarbeid. Leirflaten «skal ha vore meister for noko av det mest framifrå smedarbeidet som er laga i Gudbrandsdalen.» I heimbygda lærde han elles mykje av Peder Langrusten.
Kjelder endre
Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957