Hans Jacob Meyer (2. april 19076. desember 1993) var ein norsk skipsmeklar og skulptør frå Bergen. Han laga skulpturar i gips, leire, bronse og kleberstein, og ei byste i sement.

Hans Jacob Meyer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1907
Bergen
Død

6. desember 1993 (86 år)
Bergen

Yrke bilethoggar
Menneskerettighetenes plass i Bergen med verk av Hans Jacob Meyer

Meyer var son til ein skipper. Han studerte skulptur ved akademiet Maison Watteau i Paris under Adam Fischer og Charles Despiau. Etter han kom heim til Bergen i 1928 dreiv han vekselbruk mellom skipsmekling og skulpturarbeid fram til han frå 1962 berre var bilethoggar.

Meyer debuterte på Statens Høstutstilling i 1945. Borna hans stod ofte modell for arbeida hans. Hans mest kjende verk, Liggende dikter, vart laga i fleire eksemplar, eitt av dei er på Ole Bulls plass i Bergen, eit anna i Nasjonalgalleriet i Oslo. I seinare år arbeidde han mykje med menneskerettar som tema. Eitt av verka hans gav arvingane til Raftostiftelsen. Skulpturen Knelende kvinne er no sentralt plassert i Menneskerettighetenes Plass på Nygårdshøyden i Bergen.

I 1949 var Meyer formann i Bergen Kunstforening og etablerte då «Studieatelieret», ein forgjengar til den høgre kunstutdanninga i Bergen.

Kjelder endre