Hans Jakob Reite

sivilagronom og forfattar

Hans Jakob Reite (fødd 1956) er ein norsk sivilagronom, informasjonsarbeidar og kulturarbeidar. Han vaks opp på Sunnmøre og er busett i Førde. Reite er sivilagronom frå Landbrukshøgskulen (1982) og Pedagogisk seminar ved Universitetet i Tromsø (1985). Han har yrkeserfaring frå rådgjeving og forvalting i landbruk (ca sju år), informasjons- og organisasjonsarbeid hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (ca ti år), sals- og informasjonssjef i fem år ved Sogn og Fjordane Teater og frå 2013 tilsett på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Reite har vore aktiv i oppstartinga og arbeidet med Førderevyen og han har i mange år hatt einmannsfirmaet "Skråblikk - Hans Jakob Reite på kulturoppdrag".

Hans Jakob Reite

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1956 (68 år)
Yrke sivilagronom, skribent

Bibliografi endre

Bøker endre

I tidsskrift- eit utval endre

Kjelder endre