Hans Peter Brekke

Hans Peter Brekke (31. desember 185910. juni 1911) var ein norsk journalist og litterat.

Hans Peter Brekke

Portrettfoto frå publikasjonen «Studenterne fra 1878» utgitt 1903.
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1859
Ørsta på Sunnmøre
Død

10. juni 1911 (51 år)
Oslo

Yrke journalist og litterat

Familie og utdannelse endre

Hans Peter Brekke vart fødd på Brekke i Ørsta og foreldra hans var gardbrukar Hans Henriksen Brekke og Nille Karine Paulsdatter. Han vart konfirmert i Ørsta kyrkje 27. september 1874 og deretter fekk han undervisning i ca to år, ved «studentfabrikken» til tidlegare sokneprest Erik Olsen[1] i Kvinnherad, der både Anders Hovden og Bernt Støylen var elevar seinare. I 1877 reiste han til Kristiania og i 1878 tok han eksamen artium som elev ved Maribogadens skole (starta av Peter Qvam). Våren 1879 tok han «andeneksamen» og seinare studerte han ved universitetet, mest språklege og naturvitskaplege fag, og han følgde spesielt professor Jens Lieblein sine forelesingar i egyptologi.

Journalist og litterat i Kristiania endre

I Kristiania arbeidde han først ei tid i redaksjonen for Norsk Haandlexikon, hausten 1881 vart han journalist i Dagbladet og seinare i Verdens Gang (1868–1923). Han var også medarbeidar i Nordens første billigbokserie: Bibliothek for de tusen Hjem (1887), der han omsette bøker både frå engelsk og fransk, av fleire kjende forfattarar som Charles Dickens, Émile Zola, Daniel Defoe o.a. Av dei meir kjende bøkene han omsette, kan nemnast «Robinson Crusoe's liv og haendelser[2]» som kom ut i 1898 og «To fortællinger af Guy de Maupassant[3]» som kom ut i 1888.

I 1898 vart han medlem av «direktionen» i Norske Journalisters Pensions- og Hjælpeforening. I perioden 1900 til 1902 var han formann i Kristiania Journalistklub, og sumaren 1900 var han på studietur til Paris med stipendium frå journalistklubben.

I 1886 vart Hans Peter Brekke gift med Laura Johanne Nagel (f. 25.6.1860) frå Vestre Aker i Kristiania. Dei hadde ingen born. Han døydde i Oslo 10. juni 1911 og vart gravlagt frå Uranienborg kyrkje. I nekrologen som stod i Morgenposten 12. juni 1911, fekk han mellom anna denne omtalen: « ... som Referent hørte Brekke til de første, den norske Presse har havt» [4] »

Referansar endre

  1. lokalhistoriewiki om sokneprest Erik Olsen
  2. Google Books Robinson Crusoe's liv og haendelser
  3. Google Books To fortællinger af Guy de Maupassant
  4. Morgenposten Nekrolog i Morgenposten, første side.

Bibliografi endre

  • Stemmerets- og Valgkjendelser av Stortingene 1814-85 - Huseby & Co forlag, 1886
  • For Alle - Norsk kalender, utgitt av Kristiania journalistklubb - 1903

Bakgrunnsstoff endre

  • Ørstingar: ættebok for Ørsta - Bjørn Jonson Dale, Ørsta kommune, 1995
  • Studenterne fra 1878 - Utgitt: 25-aars studentjubilæum - 1903.