Hans Peter L'Orange

Hans Peter L'Orange (2. mars 19035. desember 1983) var ein norsk arkeolog og kunsthistorikar.

Hans Peter L'Orange

Fødd2. mars 1903
Christiania
Død5. desember 1983
NasjonalitetNoreg
Områdeklassisk arkeologi, kunsthistorie
Yrkekunsthistorikar, antropolog, arkeolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie
MedlemDeutsches Archäologisches Institut
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Utdanning endre

L'Orange voks opp i Oslo. Etter examen artium i 1921 gjekk han gjennom Krigsskulen i 1922. Deretter studerte han kunsthistorie og gresk, vart magister i filosofi i 1927 og til slutt dr.philos. i 1933 på ei avhandling om historia til det seinantikke portrettet. Frå 1930-36 var han universitetsstipendiat, men var busett i Roma frå slutten av 20-åra til den andre verdskrigen braut ut. Frå 1942 var han professor i klassisk arkeologi ved Universitetet i Oslo i over 30 år, fram til 1973 då han gjekk av med pensjon. Forøvrig var han gjesteprofessor ved Harvard University's Dumbarton Oaks Library i Washington D.C. i 1950 og ved Johns Hopkins University i Baltimore frå 1966–67.

Forsking endre

Som forskar utmerka han seg særleg ved å studera perioden mellom antikken og mellomalderen. Han arbeidde mykje med å studera det sein-antikke portrettet, Konstantinsbogen, hellenistisk og romersk herskarkult, mosaikk, skulpturfunna i Sperlonga og ei rikt utsmykt langobardisk kyrkje i Cividale i Nord-Italia, kalla Tempietto. L'Orange var den viktigaste drivkrafta bak skipinga av Det norske institutt i Roma i 1959, i samarbeid med arkeologen Hjalmar Torp og private sponsorar. L'Orange var styrar for instituttet frå 1959–73.

L'Orange gav ut ei lang rekkje bøker og mange artiklar. Ved sida av dei vitskaplege utgjevingane sine, skreiv han òg meir populærvitskaplege skrifter, der han med god forteljarevne fokuserte på samanhengen mellom ulike kulturfenomen. I 1969 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris. L'Orange døydde i Oslo i 1983.

Verk endre

(utval)

  • Studien zur Geschichte des spätantiken Porträts (1933, dr.avh.) (i samarbeid med A. von Gerkan)
  • Der spätantike Bildschmuck des Konstantinsbogens (1939)
  • Fra antikk til middelalder (1943)
  • Apotheosis in Ancient Portraiture (1947)
  • Keiseren på himmeltronen (1949)
  • Studies on the Iconography of Cosmic Kingship in the Ancient World (1953), (i samarbeid med P. J. Nordhagen)
  • Mosaikk fra antikk til middelalder (1958),
  • Mot middelalder (1963),
  • Art Forms and Civic Life in the Late Roman Empire (1965)
  • Romerske keisere i marmor og bronse (1967), (i samarbeid med Hjalmar Torp o.a.)
  • Il tempietto longobardo di Cividale (1977),
  • Oldtidens bygningsverden (1978),

Kjelder endre