Hans Sachs

tysk skribent og poet

Hans Sachs (5. november 149419. januar 1576) var ein tysk skomakar, poet, dramatikar og meistersongar. Sachs skapte den tyske lågkomiske farsen i seinmellomaldersk stil, og dei meir alvorlege dramaa hans hadde for fyrste gong i tysk dikting nemninga tragedie. Han var òg den fyrste som innførte aktinndeling etter klassiske prinsipp.

Hans Sachs

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 5. november 1494
Nürnberg
Død

19. januar 1576 (81 år)
Nürnberg

Yrke lyrikar, skribent, songar, skodespelforfattar, skodespelar, komponist
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Hans Sachs på Commons
Statue av Hans Sachs i Nürnberg.

Liv endre

Hans Sachs var fødd i Nürnberg. Far hans var skreddar. Han gjekk på latinskule i heimbyen, og då han var 14 år gammal vart blei han skomakarlærling. Etter læretida, som 17-åring, drog han på vandring i eit såkalla «Wanderjahre», for å arbeida ulike stader dei neste fem åra.

Det er sagt at han tok avgjerda om å bli ein meistersongar i Innsbruck i 1513, og same året byrja han som lærling i dette musikalske faget i München. Ein meistersongar, tysk Meistersinger, var ein tysk lyrisk poet i renessansen som vidareførte tradisjonen med kjærleikssongar, tysk Minnesänger, som blomstra mellom 1100-talet og 1300-talet. Den enkelte songen blei kalla minnelied. Lienhard Nunnenbeck, ein lerretsvevar frå Nürnberg, var meisteren hans.[1] I 1516 busette Sachs seg i Nürnberg, og blei verande i heimbyen resten av livet.

1. september 1519 gifta han seg med Kunigunde Creutzer (fødd ca. 1502). Ho døydde i 1560. Han gifta seg opp att 2. september 1561, med den unge enka Barbara Harscher. Han fekk fem døtrer og to søner i det fyrste ekteskapet, men alle døydde før faren. Den andre kona hans hadde med seg seks barn frå det fyrste ekteskapet sitt.

Frå 1525 og framover fekk Sachs veksande sympatiar for Martin Luther, og støtta protestantismen i ein del verk.

Historisk tyding endre

Hans Sachs er rekna som den dyktigaste og mest kjende av meistersongarane. Dei strenge reglane og den handverksmessige tilnærminga til poesi skapte ei form for poesi som ikkje er like tiltalande for ettertida. Den historiske verdien deira ligg i at det oppmuntra produksjon av lyrikk for folk flest for sin eigen glede.

Det er som dramatikar at Sachs har tyding for ettertida. Karnevalsspela hans, komediar eller lågkomiske farsar som blei framførte i karnevalstida, er rekna som dei beste verkane hans, og blir framleis spelte.

Sachs bidrog til å spreia figuren «Einkvar» i tysk kultur ved at han omsette Macropedius sitt moralspel Hecastus til tysk. Tragediane hans, med aktinndelingar etter klassisk mønster, var derimot stort sett krøniker og attforteljingar av Bibelen på rim, og av mindre verdi.

Han skreiv over 6000 stykke av ulik art. Det nøyaktige talet varierer ein god del i litteraturhistoria, hovudsakleg sidan det ikkje er opplagt kva som er sjølvstendig verk og kva som er del av ein større samanheng. Det er òg vanskeleg å samanlikna ulike kjelder, då bestemde verk kan plasserast i ulike kategoriar av ulike litteratar. Produksjonen hans er uansett oppsiktsvekkande høg, då han òg arbeidde som skomakar heile livet. Det var nødvendig, då det verker som om meistersongarar ikkje skulle skriva eller synga for profitt.

Det er omtrent 4200 meistersongar etter han, i tillegg til fleire andre dikt, tragediar og komediar, men også ein del prosadialogar og fablar. Av dei religiøse avhandlingane hans finst Eyn wunderliche Weyssagung von dem Babsttumb, wie es ihm biz an das endt der welt gehen sol i samarbeid med Andreas Osiander (1527).[2]

Kjelder endre

  1. Ellis, Frances H.: Indiana University Publications, Humanities Series No. 4.: Das Walt got: A Meisterlied, 1941 side 12
  2. S.M. Jackson et al. , red.: The New Schaff-Herzog Encyclopedia of Religious Knowledge, Funk and Wagnalls: New York, 1911, v. 10, side 139.