Hansi Müller

tysk fotballspelar

Hans Peter Müller (fødd 27. juli 1957) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Stuttgart var ein offensiv midtbanespelar som vart europameister 1980 med Vest-Tyskland og fekk VM-sølv i 1982.

Hansi Müller
Personleg informasjon
Fullt namn Hans-Peter Müller
Fødd 27. juli 1957 (66 år)
Fødestad Stuttgart
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1975-82
1982-84
1984-85
1985-90
Stuttgart
Inter
Como
Swarovski Tirol
186 (65)
48 (8)
17 (1)
123 (35)
Landslag
1978-83 Vest-Tyskland 42 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Müller var VfB Stuttgart-spelar frå 1975 til 1982, dei to fyrste sesongane på nivå 2 i serien. Med Stuttgart vart han nummer to i bundesligaen 1979, eitt poeng bakom Hamburger SV. Sommaren 1982 vart han overført til Inter Milan, der han etter kvart var noko skadeplaga. 1984/85-sesongen gjorde han teneste i Como 1907. I 1985 fekk Müller kontrakt med Swarovski Tirol i Austerrike, med laget frå Innsbruck vann han dobbelt, siger i både serie og cup, våren i 1989. Etter seriegull nummer to i 1990 la han opp.

Landslagsspel endre

Müller landslagdebuterte for Vest-Tyskland i april 1978 og deltok i fire av VM-kampane under verdsmeisterskapen i Argentina i juni månad. Hans store turnering var EM 1980 i Italia der Vest-Tyskland vart europameister etter finalesiger 2-1 mot Belgia, med Müller som playmaker. Under Fotball-VM 1982 i Spania fekk han lite speletid, men kom innpå som innbytar i finalen mot Italia, eit oppgjer som enda med vesttysk tap 1-3. Müller spelte sin landskamp nummer 42 i september 1983. Han skåra 5 mål for Vest-Tyskland.

Merittar endre

  • Europameister: 1980 for Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland
  • Austerriksk seriemeister: 1989 og 1990 med FC Swarovski Tirol
  • Austerriksk cupmeister: 1989 med FC Swarovski Tirol

Kjelder endre