Har Karkom («Safranfjellet», òg kalla Jabal Ideid) er eit fjell i sørvest i Negevørkenen i Israel, halvvegs mellom Petra og Kadesh Barnea. På grunnlag av at israelittane reiste over Sinaihalvøya mot Petra i ei forholdsvis rett linje, har mange forskarar lurt på om Har Karkom kan vere det same som Sinaifjellet i Bibelen. Emmanuel Anati gjorde utgravingar ved dette fjellet og fann ut at det var eit stort kultsenter i eldre steinalder og det kringliggande platået var dekt med heilagdomar, altar, steinsirklar og steinsøyler, og over 40 000 helleristingar.

Har Karkom
fjell
Land  Israel
Distrikt Sør
Koordinatar 30°17′N 34°45′E / 30.283°N 34.750°E / 30.283; 34.750
Kart
Har Karkom
30°17′00″N 34°45′00″E / 30.283333333333°N 34.75°E / 30.283333333333; 34.75
Wikimedia Commons: Har Karkom

Basert på desse funna har Anati forfekta at Har Karkom er Sinaifjellet i Bibelen,[1][2] men den religiøse aktiviteten på staden ser ut til å ha hatt ein topp kring 2350-2000 fvt., og fjellet verka å ha vore forlate kanskje kring 1950-1000 fvt. Utvandringa frå Egypt er stundom datert til 1600-1200 fvt., men det finst ingen arkeologiske funn som støttar dette. Anati har i staden plassert utvandringa, basert på arkeologiske funn, til kring 2300 fvt.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre