Har Meron (hebraisk הר מירון, Har Meron; arabisk جبل الجرمق, Jabal al-Jarmaq)[1] er eit fjell i Israel. Det er viktig i jødisk religiøs tru og delar av det er ein del av eit naturreservat.

Har Meron
Har MerónJábal al-Jármaq
fjell
Nordsida av Meron
Land  Israel
Distrikt Nord
Høgd 1 208 moh.
Koordinatar 33°00′N 35°25′E / 33.000°N 35.417°E / 33.000; 35.417
Kart
Har Meron
32°59′51″N 35°24′44″E / 32.9975°N 35.412222222222°E / 32.9975; 35.412222222222
Wikimedia Commons: Mount Meron

Med ei høgd på 1208 meter over havet, er Har Meron det høgaste punktet i Israel,[2] sjølv om mange fjell i Golanhøgdene er høgare.

Har Meron naturreservat endre

I 1965 vart eit 84 km² stort naturreservat oppretta. Det vart utvida med 1,199 km²i 2005.[3] Det er største og høgastliggande reservatet i Israel.[4]

Religiøs tyding endre

 
Shimon bar Yochai-grava

Landsbyen Meron og grava til rabbien Shimon bar Yochai ligg på Har Meron. I høve jubileet til dødsfallet hans på Lag B'Omer, samla tusenvis seg i fjellsida nær grava hans, og på sjølve Lag B'Omer.

Klima endre

 
Snøfall på Har Meron

Meron har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og fuktige, kjølige vintrar. Det snør nokre gonger kvart år på Meron. I snitt er det 22 dagar i året med temperaturar over 32 °C og 28 dagar med frost.

Vêrdata for Har Meron (2002–2007)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 17 22 18 26 32 32 33 36 33 28 26 20 36
Gjennomsnittleg maks °C 8 9 11 18 23 27 29 30 27 26 20 12 20
Døgnmiddeltemperatur °C 6 6 7 13 18 21 23 24 21 20 16 9 15
Gjennomsnittleg min °C 4 3 4 8 13 15 17 18 16 15 12 6 11
Lågast målte °C −2 −8 3 7 11 15 13 13 11 5 −8
Kjelde: «Climate Information for Har Meron i Israel». Weather Base. 

Kjelder endre

  1. «Encyclopædia Britannica: Har Meron». Henta 4. oktober 2014. 
  2. Federal Research Division (2004). Israel A Country Study (Paperback utg.). Kessinger Publishing, LLC. s. 8. ISBN 141912689X. 
  3. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 
  4. «Har Meron reserve» (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 30. september 2014. 
  Reiseguide for Mount Meron frå Wikivoyage