Harald Jostein Haugen (19. november 19412. juni 2016) [1]var ein norsk bokhandlar frå Volda som gjennom butikken Haugen Bok i heimbygda var primus motor for boksal per postordre og på Internett.

Harald Haugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1941
Volda kommune
Død

2. juni 2016 (74 år)

Yrke bokhandlar

Av utdanning hadde Haugen handelsskole og bokhandlarskolen. I 1965 overtok han faren sin bokhandel, som hadde vore i Volda sidan 1929. Da Haugen følte behov for å utvide marknaden utover det reint lokale, begynte han med sal av bøker – hovudsakleg verk – per postordre, og frå 1978 vart dette ein vesentleg del av verksemda. Firmaet annonserte i aviser og tidsskrift og etter kvart og i fjernsyn. I 1998 tok Haugen Bok som ein av de første i Norden i bruk Internett som salskanal, også det med stor suksess. I 2009 blei den regulære bokhandlardrifta avvikla.

Haugen trekte seg tilbake frå leiinga av firmaet frå 2007

Kjelder endre

  1. «Nekrolog: Harald Haugen». Aftenposten. 7. juni 2016. Henta 2. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre