Harald Lorentzen

norsk friidrettsutøvar

Harald Ludvig Lorentzen (fødd 9. januar 1944) er ein tidlegare skulemann og friidrettsutøvar frå Hammerfest som utmerkte seg i fleire kastøvingar. I åra frå 1967 til 1975 vart han norsk meister ein gong i diskoskasting og to gongar i så vel kulestøyt som spydkast. Perioden 1963-83 sanka han heile 24 medaljar frå noregsmeisterskap i friidrett.

Harald Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1944 (80 år)
Hammerfest kommune

Harald Lorentzen er son til statsråd Annemarie Lorentzen og far til ballettdansaren Ingrid Lorentzen. Spydkastaren Reidar Lorentzen er hans yngre bror.

Aktiv endre

Lorentzen vart åra 1963-66 nummer 2 i kulestøyt i noregsmeisterskapen, alle åra møtte han sin overmann i Bjørn Bang Andersen. Under Nordisk meisterskap i friidrett 1965 fekk han bronsemedaljen i øvinga. Den 20. juni 1967 sette Lorentzen norsk rekord i kulestøyt med 18,68 meter då han vann øvinga under landskampen Noreg - Sverige på Bislett stadion i Oslo. Ved noregsmeisterskapen 1967 i Trondheim vann han både kule- og diskostevlinga med høvesvis 18,02 m og 53,68 m. Heime i Hammerfest forbetra han 6. september 1967 den norske rekorden i diskoskasting til 56,66 meter.

I 1970 flytta Lorentzen diskosrekorden til 56,78 m. Femårsperioden 1968-72 vann han årleg NM-medalje i så vel kulestøyt som diskokast, i 1972 også i spydkasting. Den einaste gullmedaljen i desse meisterskapane kom i kulestøyt i 1969. Også i Friidretts-NM 1973 sikra han seg to medaljar, då i kulestøyt og spydkast.

Frå 1973 konsentrerte Lorentzen seg om spydkasting. 24. juli 1973 vann han eit internasjonalt stemne på Bislett stadion med eit kast på 81,76 meter, hans lengste nokon gong. Han lukkast vinne NM-gull i øvinga i 1974 og 1975 og sølv i 1976, alle gongane med Terje Thorslund som hardaste konkurrent.

Lorentzen var medlem i Idrettslaget Stein til 1968. Frå 1969 til -72 representerte han oslolaget IK Tjalve då han utdanna seg til filolog ved Universitetet i Oslo. I 1972 busette han seg i Trondheim der han var høgskulelektor. Han melde seg då inn i Sportsklubben Freidig.

Kjelder endre