Harald V av Noreg

konge av Noreg

Kong Harald V av Noreg er kongen av Noreg sidan 1991. Harald var kronprinsregent frå mai 1990, då far hans var sjuk. Den 17. januar 1991 døydde kong Olav, og Harald vart då ny konge. Han vidareførte valspråket til faren og farfaren sin, «Alt for Norge». Lik faren sin vart han signa i Nidarosdomen i Trondheim.

Harald V av Noreg

Fødd21. februar 1937
FødestadSkaugum
Gift medSonja av Noreg
DynastiHuset Glücksburg (Norge)
Motto«Alt for Norge»
FarOlav V av Noreg
MorMärtha av Noreg
BornMärtha Louise av Noreg, Haakon Magnus av Noreg

Kongen er øvste leiaren for Den norske kyrkja og øvstkommanderande for den norske hæren.

Barndom endre

Kong Harald vart fødd på Skaugum den 21. februar 1937 som son av kronprinsparet Olav og Märtha. Han har to eldre søstrer, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen og prinsesse Astrid fru Ferner. Harald V høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Märta med dei tre barna til Sverige og sidan til USA, der dei budde i Washington, D.C. til krigen var over.

Då prinsen kom tilbake til Noreg, gjekk han på Smestad skule, der ei politivakt i gangen var det einaste som skilde han frå dei andre skulebarna.

 
Kong Harald som kronprins (lengst til venstre) med far sin, kong Olav, under fredsprisutdelinga i 1963.

Utdanning endre

Etter at han fekk artium gjekk prins Harald inn i militæret, først på Kavaleriets befalsskule og sidan på Krigsskulen, der han vart uteksaminert i 1959. Deretter drog han til Balliol College i Oxford der han studerte historie, samfunnsvitskap og økonomi.

Kronprins endre

Då kong Haakon VII døydde den 21. september 1957 blei prins Harald kronprins. Han møtte til statsråd, og opptredde som regent når kong Olav var vekke, første gong i 1958.

Familie endre

 
Dronning Sonja og Kong Harald V ved Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no prins Daniel) 18. juni 2010.

Kronprinsen gifta seg den 29. august 1968 med Sonja Haraldsen, som no er dronning Sonja. Dei to hadde kjent kvarandre i ni år, men det at ho kom frå borgarskapet og altså ikkje var adeleg vart då sett på som eit problem. Etter at kong Olav hadde rådspurd regjeringa og ulike stortingsleiarar, fekk dei to lov til å gifta seg.

Paret fekk borna Märtha Louise av Noreg og Haakon Magnus av Noreg i høvesvis 1971 og 1973.

Interesser endre

Harald byrja å segla i ti-årsalderen og har halde denne interessa ved like sidan. I 1964 deltok han i Dei olympiske leikane i Tokyo, og i 1987 vart han og mannskapet på «Fram X» verdsmeistrar i segling for eitt-tonnarar. I 2005 tok kongen og mannskapet på «Fram XV» gull i EM i Sverige.

Kong Harald er innehavar av ei lang rekkje ordnar, mellom anna St. Olavs Orden.

Meisterskap endre

Segling endre

Meisterskap 1964 1968 1972 1974 1984 1987 1988 2005
Sommar-OL 7 11 10
Verdsmeisterskapen        
Europameisterskapen    

Dekorasjonar endre

Kongen er innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert på Kongehuset si liste over dekorasjonar.[1]

Norske dekorasjoner

Utanlandske dekorasjonar

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Harald V av Noreg