Haram kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Haram er ein norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar mot Vestnes kommune i aust og mot Skodje i Ålesund kommune i søraust. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund, og mot vest ligg øykommunen Giske. Mot nord ligg Sandøy i Ålesund kommune og Midsund i Molde kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2 300 innbyggjarar.

Haram kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Brattvåg
Areal 261 km²
 - land 254 km²
 - vatn km²
Folketal 9 357  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) (2024)
Kommunenr. 1580
Kart
Haram kommune
62°34′03″N 6°22′20″E / 62.5675°N 6.3722222222222°E / 62.5675; 6.3722222222222
Wikimedia Commons: Haram
Nettstad: www.haram.kommune.no

Frå 1. januar 2020 var kommunen del av Ålesund kommune.[1] Frå 1. januar 2024 vart Haram skild frå Ålesund att, og vart på nytt ein sjølvstendig kommune.[2]

Geografi endre

Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.

Tettstader endre

Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal per 1.1.2009 i parentes:

Kommunen endre

Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.[3]

1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:

Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8 140 innbyggjarar.

Næringsliv endre

Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.

Kjende folk frå Haram kommune endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Haram kommune
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.