Hardangerbrua

bru over Hardangerfjorden

Hardangerbrua er ei hengebru som fører Riksveg 7 og 13 over Eidfjorden i Hardanger. Ho vart opna 17. august 2013 og går mellom Vallavik på vestsida og Bu på austsida. Brua erstatta ferjesambandet Bruravik-Brimnes.

Hardangerbrua

Hardangerbrua
Typehengebru, vegbru
StadHardanger
Opna17. august 2013
StrekningHardangerbrua Hardangerbrua
Lengd1 380 meter
Høgd200 meter
Fri høgd55 m
Største spenn1310 m
KryssarEidfjorden, sidearm til Hardangerfjorden
TransportererBiltrafikk
Trafikk2 365 (2022)[1]
Kart
Hardangerbrua
60°28′46″N 6°49′53″E / 60.47944444°N 6.83138889°E / 60.47944444; 6.83138889
Frå byggjearbeidet på Hardangerbrua, juli 2010.
Den ferdige Hardangerbrua i august 2013.

Brua er 1 380 meter lang, og med det den lengste hengebrua i Noreg.[2][3] Hovudspennet er lengre enn mellom anna det på Golden Gate Bridge i San Francisco i USA. Brutårna har ei høgd på 202,5 meter, medan seglingshøgda er 55 meter. På nordsida av fjorden går ein ny arm av Vallaviktunnelen fram til brua. Tunnelen har ei munning som er 23 meter høg, kanskje den største tunnelportalen på ein vegtunnel nokonsinne.[4]

Brua var kalkulert å kosta i overkant av 1,8 milliardar 2005-kroner, noko som skulle finansierast gjennom bompengar, fylkeskommunale tilskot, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar.

Hardangerbrua vart i 1996 røysta ned av Stortinget, men i løpet av åra fram til den nye avrøystinga endra opposisjonen standpunkt i saka, og bruprosjektet vart vedteke 28. februar 2006 med 79 mot 24 røyster. Arbeidet med prosjektet starta 26. februar 2009, og gjekk utan større avbrot fram til opninga den 17. august 2013. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som stod for den offisielle opninga. Fleire hundre menneske deltok på opninga. Mellom dei var også ein delegasjon frå Elektroarbeidernes Fagforeningsom demonstrerte mot at det hadde vore sosial dumping ved bygging av brua.[5]

Tilhengjarar av brua har argumentert for at ho vil letta køyring både lokalt i Hardanger og mellom Austlandet og Vestlandet. Aust-vest vil brua føra til utbetring av riksveg 7 over Hardangervidda og nord-sør av riksveg 9 og riksveg 13. Motstandarar av brua har drege fram at auka trafikk over Hardangervidda vil føra til vanskar for villreinstamma der. Ei bru vil føra til endring av fjordlandskapet, og ein ikkje vil kunna gå under brua med høge cruiseskip, slik at mellom anna Eidfjord og Ulvik ikkje kan vitjast av slike skip lenger. Mange turistar kjem til område for å sjå det særmerkte landskapet. Eit anna motargument er at brua ikkje har høgt nok trafikkgrunnlag, og ikkje vil vera så kostnad-nytte-effektiv som ein del andre moglege vegtiltak.

Fotnotar endre

  1. «Trafikkdata Rv13 Hardangerbrua». Statens vegvesen. 
  2. Merzagora, Eugenio A. (red.). «Road Viaducts & Bridges in Norway (> 500 m)». Norske bruer og viadukter. Arkivert frå originalen 20. juli 2015. Henta 25. mai 2014. 
  3. «Rullar over fjorden». Bergens Tidende. 25. oktober 2012. Arkivert frå originalen 28. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  4. Våre Veger, nr 6 2012, s.20.
  5. Broen er åpnet Bergensavisen, publisert 17. august 2013, lese 18. august.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hardangerbrua

60°28′43″N 6°49′47″E / 60.478611°N 6.829722°E / 60.478611; 6.829722