Hardwicke Rawnsley

Hardwicke Drummond Rawnsley (29. september 185128. mai 1920) var ein anglikansk prest, diktar, lokalpolitikar og landskapsvernar. Han var ein av dei tre grunnleggjarane av den britiske organisasjonen National Trust for Places of Historic Interest or Natural Beauty i 1890-åra.

Hardwicke Rawnsley

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 29. september 1851
Shiplake
Død

28. mai 1920 (68 år)

Yrke geistleg, skribent, salmediktar, anglikansk prest
Religion Den anglikanske kirke
Hardwicke Rawnsley på Commons

Rawnsley stamma frå ei lang rekkje av prestar i den engelske kyrkja. Etter å ha vurdert ein karriere i medisin gjekk han ut frå Oxford og blei ordinert. På midten av 1870-talet arbeidde han med fattige i London og Bristol, før han i 1877 blei utnemnd til prest for eit landleg sokn i Westmorland i Lake District. Han blei snart ein ihuga forkjempar for å verna dette området frå for mykje utbygging.

I 1883 blei Rawnsley utnemnd til sokneprest i Crosthwaite i Cumberland, nord i Lake District. Han blei verande i stillinga i 34 år, og blei kjend lokalt og nasjonalt for det energiske arbeidet sitt for å forbetra liva til arbeidarklassen. Han og kona hans grunnla Keswick School of Industrial Art, og han leia kampanjar for å gjera landsbygda tilgjengeleg for alle. Etter å ha kome fram til at protestar og lovar ikkje var nok til å verna landskapet gjekk han saman med Robert Hunter og Octavia Hill i 1893 for å skipa National Trust, ein organisasjon som kunne eiga land på vegner av allmugen. National Trust voks til å bli den største og viktigaste landeigaren i Storbritannia, og forvaltar land og bygningar for det britiske folket.

Rawnsley var ein produktiv skribent, og gav ut over 40 bøker som inneheldt dikt, preiker, historiske studiar, reiseskildringar og biografiar. Han var også ein god ven og tidleg støttespelar for barnebokforfattaren Beatrix Potter. Han trekte seg tilbake i 1917 og slo seg ned i landsbyen Grasmere sør i Lake District. Her døydde han i 1920, 68 år gammal.

Kjelder endre