Harlekin er den mest populære av karakterane i det italienske Commedia dell'arte og i avleggaren harlequinade.

Maurice Sand: Harlekin anno 1671. 1860

Opphav endre

Namnet Harlekin stammar frå gamle, franske Hellequin, leiar for «la maisnie Hellequin».

Sjølv om dei eldste illustrasjonane av Arlecchino er datert til 1572, hadde karakteren eksistert lenge før den tid. Populære teoriar går ut på at han kan ha kome frå Frankrike, Afrika eller Italia.

Oppfatninga om at Harlekin-motivet voks ut av Frankrike kan Hellequin vere prov på, då denne var ein gjennomgangskarakter i franske pasjonsspel. Hellequin, ein utsending frå djevelen med svart ansikt, skal ha streifa rundt om på landsbygda med ei gruppe demonar som jaga dei fordømte sjelene etter vonde menneske til helvete. Framtoningen til Hellequin kan forklare dei tradisjonelle fargane på Harlekins maske, raud og svart.

Harlekin-karakteren kan ha vore basert på, eller påverka av arketypen i Commedia dell'arte, ein karakter som, sjølv om han er ein treg tenkar, var akrobatisk og kvikk.

Kjenneteikn og dramatisk funksjon endre

Det primære aspektet ved Harlekin var hans smidige fysikk. Jamnast framstilt som dum og grådig, var han veldig kvikk og utførte ein type akrobatikk som publikum venta å sjå. Karakteren ville aldri ha utført ei enkel handling om han kunne slå hjul eller på anna vis kunne ha krydra den kroppslege rørsla.

Innanfor desse avgrensingane var karakteren enormt elastisk. Ulike truppar og skodespelarar tilpassa åtferda si for å passe til stilen, til personlege preferansar, eller til det enkelte scenario som skulle utførast. Nokre av dei mest kjente skodespelarane var Tomaso Visentini ("Thomassin"), som var med på førestillingar med Comédie-Italienne i det 18. hundreåret i Frankrike, samt Tristano Martinelli.

Harlekin har vanlegvis rolla som tenar til ein forelska person (innamorato), og gjer mykje skade i høve planane til herren sin. Arlecchino hadde ofte ein kjæraste i personen Columbina, og hans attrå for henne vart einast avløyst av ynsket hans om mat, og hans frykt for herren sin. Nokre gonger ville Harlekin forfølgje henne han er forelska i, men sjeldan med suksess. Han er også kjend for å prøve å vinne kvar einaste dame for seg sjølv.

I løpet av 1700-talet vart karakteren etter kvart ein meir romantisk helt, ettersom populariteten hans provoserte dei som dreiv med harlequinade.

Kjelder endre