Harold Andrew Raeburn (21. juli 186521. desember 1926) var ein britisk-skotsk fjellklatrar og bryggar, fødd og død i Edinburgh.

Harold Raeburn
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. juli 1865
Edinburgh
Død

21. desember 1926 (61 år)
Edinburgh

Yrke ornitolog, fjellklatrer
Språk engelsk
Harold Raeburn til høgre framme under Everest-ekspedisjonen i 1921

Raeburn, som var ungkar heile livet, klatra mange ruter på Ben Nevis åra 1896-1901. Frå 1902 klatra han i både Alpane og i Noreg. I juli 1903 var han mellom dei fyrste kjende bestigarane av Sætretindane og Grøtdalstindane i Sunnmørsalpane. Somrane 1913 og 1914 var han med på ekspedsisjonar som nådde toppen av fire av dei største fjella i Kaukasus. I 1920 var han med ein ekspedisjon til Kantjendjunga, og året etter leia han eit klatrelag som undersøkte tilhøve for å bestige Mount Everest. Her vart han alvorleg sjuk og leid av dårleg helse til han døydde.

Attåt fjellkliving dreiv Raeburn med seglsport og var ein framifrå ornitolog.

Kjelder endre