Harris i Ytre Hebridane

Harris (skotsk gælisk Na Hearadh) er den sørlege delen av øya Lewis og Harris, som er den største øya i Hebridane på vestkysten av Skottland.

(Isle of) Harris
Lokalt namn Na Hearadh
Geografi
Harris i Ytre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°54′12″N 6°48′12″W / 57.90333°N 6.80334°W / 57.90333; -6.80334
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 401 km²

Høgaste punkt Clisham (799 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 1 984 (2001)
Folketettleik 4,9 /km²

Harris er truleg øya Adru (som tyder den store eller sterke) på Klaudios Ptolemaois (90-168 e.Kr.) sitt kart over dei britiske øyane. På norrønt var hérað eit administrativt distrikt, og namnet kan komma frå dette (herad kjem av urnordisk *harja-raiðō - hær-område). Eit anna mogleg opphav er norrønt hárri, som tyder "høgare" - i motsetnad til det mykje flatare Lewis i nord. Dei fleste stadnamna på Harris er norrøne, gjort om til skotsk-gæliske former. Trass i at Harris ofte vert omtalt som Isle of Harris (øya Harris), er det altså ikkje ei eiga øy etter geografisk definisjon.

Strand på sørsida av Harris.
Clisham, det høgaste fjellet på Harris.

Harris omfattar vel ein fjerdedel (ca 400 km²) av Lewis og Harris, som er den tredje største av Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland. Den nordlege og største delen heiter Lewis. Grensa mellom Harris og Lewis går frå botn av fjorden Loch Reasort på vestkysten til fjorden Loch Shiphoirt på austkysten.

Harris vert òg delt i ein nordleg og sørleg del, ved det smale eidet ved Tarbert. Tarbert er òg den største landsbyen på Harris. Ved folketeljinga i 2001 hadde Harris 1 984 innbyggjarar.[1] Andre større tettstader er Rodel og Leverburgh.

Harris, og då særleg den nordlege delen, består for det meste av fjellandskap, med 30 topper som er over 300 meter over havet. Det høgaste fjellet er Clisham som er 799 moh. Dette er òg det høgaste fjellet på dei ytre Hebridane.

Kjelder endre

  1. Comhairle nan Eilean Siar. «Island Populations» (på engelsk.). Henta 26. februar 2010.