Harry Potter og De vises stein

Denne artikkelen handlar om boka. For filmen med same namn, sjå Filmen Harry Potter og De vises stein.

Harry Potter og De vises stein (originaltittel: Harry Potter and the Philosopher's Stone) er den fyrste romanen i bokserien om Harry Potter, som er skriven av J.K. Rowling. Boka kom ut i England i 1997, og vart gjeven ut i norsk utgåve i 1999. Omsetjaren av boka til norsk var Torstein Bugge Høverstad.

Handling endre

  Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Boka byrjar om sommaren, då Harry Potter fyller elleve år. Harry har vakse opp i eit kott under trappa hos tanta og onkelen sin, Herr og Fru Dumling. Dei har skjult for Harry at han er av trollmannsætt, og at foreldra hans dei blei drepne av Fyrst Voldemort, eit åtak som den då eitt år gamle Harry overlevde på mystisk vis. Voldemort blei slått tilbake under åtaket og forsvann.

Harry blir etter kvart henta frå familien Dumling av Gygrid, som jobbar på trollmannsskulen Galtvort, og han fortel Harry at han er trollmann og har magiske evner. I trollmannsverda er Harry Potter ein helt, og er kjend under namnet Guten som overlevde.

Allereie på ferda til Galtvort, med toget Galtvortekspressen frå London, blir Harry kjent med mange av medelevane sine. Han blir raskt ven med Ronny Wiltersen som kjem frå ein trollmannsfamilie. På skulen blir han etter ei tid òg venn med Hermine Grang, som er den flinkaste jenta på trinnet og som kjem frå ein såkalla gompefamilie, altså ein familie som ikkje er hekser eller trollmenn. Alle tre høyrer til huset Griffing på skulen. I tillegg skaffar Harry seg ein ekte erkefiende, Draco Malfang, som høyrer til huset Smygard. Rektoren på skulen er Albus Humlesnurr, som er ein karismatisk, gamal mann, som blir rekna for å vere den største dålevande trollmannen i verda.

Harry finn seg etter kvart til i det nye livet sitt. Harry og vennene hans får greie på at ein strengt vakta gjenstand er plassert på skulen, og dei mistenkjer eliksirlæraren, Severus Slur, for å vere ute etter gjenstanden. Gjenstanden viser seg å vere Dei vises stein. På slutten av boka må Harry, Ronny og Hermine ta seg gjennom alle hindringane som er sett opp for å verne Steinen mot Fyrst Voldemort. Harry finn til slutt ut at det var professor Krengle, ikkje Slur, som ville stele steinen. Krengle viser seg å ha vore på sida ti Voldemort heile tida, og Voldemort har kome tilbake som «ein parasitt på kroppen til ein annan». Ansiktet til Voldemort er på bakhovudet til Krengle, noko som forklarar kvifor han alltid har gått med turban. Harry finn ut at for å få tak i steinen, må han ønskje seg steinen, men ikkje ville bruke han. Når han ser i Speilet Mørd, dukkar på mystisk vis steinen opp i bukselomma til Harry. Voldemort oppdagar det og får Krengle til å prøve å drepe Harry. Når Harry prøver å forsvare seg og kjem i hudkontakt med Krengle, byrjar han å smuldre som stein. Etter at Krengle døyr, dukkar berre Voldemort opp som eit slags spøkelse. Voldemort er då blitt like svak igjen, og rømmer vekk medan Harry svimar av.

Harry vaknar opp i sjukestua, der Humlesnurr fortel Harry kvifor han fekk tak i steinen, kvifor Krengle døydde og at De vises stein er blitt øydelagt. Boka sluttar omtrent samtidig med at skuleåret sluttar, og Harry tar toget tilbake til familien Dumling. Boka endar med at Hermine ønskjer Harry ein god ferie.

Handlinga er lagt til skuleåret 1991/1992.

Mottaking endre

Dei fleiste omtalane av boka har vore særs gode. Dei kommenterte mellom anna fantasien, humoren og den enkle og direkte stilen Rowling fører i boka. Skrivinga har blitt sammenlikna med Jane Austen og Roald Dahl.[treng kjelde]

Fleire religiøse grupper har gått til åtak på Harry Potter og De ​​vises stein og dei andre bøkene i Harry Potter-serien. Serien har blitt forboden i nokre land på grunn av at ein meiner bøkene oppfordrar til hekseri. Andre kristne kommentatorar har meint at boka har viktige kristne synspunkt.[treng kjelde]

Prisar endre

Boka har fått fleire prisar; (Merk: engelske titlar)[treng kjelde]

  • Nestlé Smarties Book Prize 1997 Gold Medal 9-11 years
  • FCBG Children’s Book Award 1997 Overall winner and Longer Novel Category
  • Birmingham Cable Children’s Book Award 1997
  • Young Telegraph Paperback of the Year 1998
  • British Book Awards 1997 Children’s Book of the Year
  • Sheffield Children’s Book Award 1998
  • Booklist Editors Choice 1998
  • Whitaker’s Platinum Book Award 2001
  • New York Public Library 100 Titles for Reading and Sharing
  • Publishers Weekly Best Book of 1998

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.