Hartmannswillerkopf

Hartmannswillerkopf, òg kalla Vieil Armand eller Hartmannsweilerkopf, er eit pyramideforma fjell i Vogesane i Frankrike. Toppen er 956 meter høg og gjev utsyn over slettene i Alsace. Ved Hartmannswillerkopf står det eit nasjonalmonument over den første verdskrigen på grunn av kampar som fann stad i skyttergravene her.

Hartmannswillerkopf
fjell
Land  Frankrike
Kart
Hartmannswillerkopf
47°51′40″N 7°09′40″E / 47.861111111111°N 7.1611111111111°E / 47.861111111111; 7.1611111111111
Wikimedia Commons: Hartmannswillerkopf
Den franske gravplassen på Hartmannswillerkopf.

Toppen ligg ni kilometer frå Cernay og 24 kilometer nord for Mulhouse. Fjellet er delt mellom landsbyane Hartmannswiller, Wuenheim, Wattwiller og Uffholtz, og den strategiske toppen har vore kjempa for mange gonger. Dei hardaste kampane skjede 19-20. januar, 26. mars, 25-26. april og 21-22. desember i 1915. Gjennom krigen vart om lag 30 000 soldatar drepne, og størstedelen av desse var franske. Etter om lag 18 månadar med harde kampar flytta begge sidene fokuset til vestfronten lenger nord. Berre nok menn for å halde linjene vart igjen ved Hartmannswillerkopf, og stort sett var det berre artilleri som føregjekk etter dette.

I dag er området eit fransk nasjonalmonument. Det ligg eit museum og ein gravplass her, og det er òg mogeleg å utforske dei omfattande skyttargravene. Sidan linjene var statisk i så lange periodar, er gravene godt bevarte, særleg på den tyske sida av fjellet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hartmannswillerkopf

47°53′N 7°10′E / 47.883°N 7.167°E / 47.883; 7.167