Harwich er ein hamneby i Essex i England. Han ligg på Nordsjøkysten, med havet mot aust, i distriktet Tendring. Dei næraste byane er Felixstowe i nordaust, Ipswich i nordvest og Colchester i sørvest. Ein meiner at byen vart grunnlagt på midten av 1100-talet.

Harwich

Plassering
Harwich is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Essex
Distrikt Tendring
Grunnlagd 1100-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

17 684[1]
Koordinatar 51°56′N 1°16′E / 51.933°N 1.267°E / 51.933; 1.267
Diverse annan informasjon
Postnummer CO12
Telefon-retningsnummer 0 1255
Commons har multimedium som gjeld: Harwich

Posisjonen ved utløpa av elvane Stour og Orwell og det at Harwich er den einaste sikre hamna mellom Themsen og Humber tyder at han lenge har vore ein viktig stad for sjøfarande, både sivile og militære. Byen vart sterkt befesta, med fort og batteri. Royal Navy har ikkje lenger nokon base i Harwich.

Blant kjende personar med tilknyting til Harwich finn ein Samuel Pepys som var parlamentsmedlem for byen, og Christopher Jones som åtte ein fjerdedel av skipet «Mayflower»; Harwich var heimehamna til det kjende skipet.

Det er regelmessige ferjer frå Parkeston, som eigenleg er ein landsby rett utanfor Harwich, til Hoek van Holland i Nederland og til Esbjerg i Danmark. Det er per 2006 planar om ei ny containerhamn i Bathside Bay.

I tillegg til at Parkeston hengjer saman med Harwich har byen òg vakse saman med Dovercourt, og ein refererer ofte kollektivt til dei som Harwich.

Electric Palace Cinema er ein av dei eldste kinoane som er bygd spesielt for formålet. Det originale prosjektorrommet og den ornamentale fasaden er verna.

Kjelder endre

  1. Office for National Statistics. Key Figures for 2011 Census: Key Statistics - Area: Harwich (Parish).