Hassel
Hassel
Hassel
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av hassel
Utbreiinga av hassel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Bøkeordenen Fagales
Familie: Bjørkefamilien Betulaceae
Slekt: Hasselslekta Corylus
Art: Hassel C. avellana
Vitskapleg namn
Corylus avellana

Hassel (Corylus avellana) er ein art i hasselslekta i bjørkefamilien. Han er mest kjend for nøttene som kan etast. Hassel veks i urer og kratt i innlandet opp til Sør-Fron og Vestre Slidre, og langs kysten opp til Steigen i Nordland. Det er nordlegaste førekomsten i verda.[2]

Bruk endre

Dei tynne seige kvistane frå hassel vert brukt til flettverk og tønnebånd. Veden har også vore brukt til trekol, som blir av svært god kvalitet.

Nøttene inneheld ca 60 % olje, 20 % protein og ein del C-vitaminar. Dei har vore brukt både som menneske- og dyremat, og som råstoff for både såpe- og parfymeproduksjon.

Tradisjon endre

Hasselen har tradisjonelt vore nytta som «varseltre». Mange nøtter tydde ein våt haust og kald vinter, mens få nøtter spådde ein tørr høst og mild vinter.

Kjelder endre

  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av hassel Corylus avellana for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre