Hattusa (tyrkisk Hattuşaş) var hovudstaden i Hettittarriket i den seine bronsealderen. Ruinane etter byen ligg ovanfor dagens Boğazköy i Tyrkia, rundt 145 kilometer aust for Ankara i Çorum-provinsen. Hattusa blei lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1986.

Løveporten ved Hattusa i Tyrkia.

Byen og området rundt endre

 
Fjellklippene Yenicekale i Hattusa.

Landskapet rundt byen omfattar rike jordbruksområde og åsar ein brukte til å gjeta tamdyr som sauer og geiter på, i tillegg til skog. I dag finn ein mindre skogsområde utanfor byen, men i oldtida var desse langt meir utbreidde. Dette betydde at innbyggjarane hadde god tilgang på tømmer for brensel og bygging av hus og andre strukturar. Markene gav folket avlingar av kveite, bygg og linser. Lin blei også dyrka, men det viktigaste materialet for klede var ull frå sauene. Det blei drive jakt på hjort i skogane, men dette var truleg mest til forlysting for adelen heller enn ei viktig matkjelde. Hovudkjelda for kjøt var tamdyr. Ettersom elvene i området er smale og ikkje eigner seg for større skip, gjekk all transport til og frå Hattusa over land.

 
Dei tolv hettittiske gudane i Underverda hogga ut i fjellet i Yazılıkaya.

Byen låg oppe på ein bergflate med fleire naturlege klipper som var lette å forsvara. Hattusa var sterkt befesta og omgjeven av høge bymurar som blei utvida fleire gonger. Oppe på ei av bergklippene låg kongeborga som i dag blir kalla Büyükkale. Byen var dominert av store tempel for dei hettittiske gudane. Rett utanfor byen låg Yazilikaya, ei heilag bergklippe med steinrelieff hogga ut i fjellet.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hattusa

Litteratur

  • Neve, Peter: Hattusa – Stadt der Götter und Tempel. Neue Ausgrabungen in der Hauptstadt der Hethiter. Ph. von Zabern, Mainz 1996. (2. utg.) ISBN 3-8053-1478-7
  • Dörfler, W. Et al.: Untersuchungen zur Kulturgeschichte und Agrarökonomie im Einzugsbereich hethitischer Städte. MDOG Berlin 132, 2000, 367-381. ISSN 0342-118X
      Denne historieartikkelen som har med Tyrkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.