Haukeland universitetssjukehus

60°22′26.299″N 5°21′33.984″E / 60.37397194°N 5.35944000°E / 60.37397194; 5.35944000

Sentralblokka Haukeland universitetssjukehus frå sør
Laboratoriebygget midt i biletet. Sentralblokka til høgre. Bygg for biologiske basalfag til venstre. Apotek/Verkstedbygg nedst.
Foto: Svein Harkestad
Barneklinikken
Foto: Svein Harkestad
Gamle Hovedbygg
Foto: Svein Harkestad
Kvinneklinikken
Foto: Svein Harkestad
Administrasjonsbygget
Foto: Svein Harkestad
Gamle Gades
Foto: Svein Harkestad
Haukeland hotell ved Haukeland universitetssjukehus
Foto: Svein Harkestad
Parkbygget (Kreftavdeling)
Foto: Svein Harkestad

Haukeland universitetssjukehus er eit sjukehus i Årstad bydel i Bergen kommune.

Tidlegare heitte sjukehuset Haukeland Sykehus og var ein av elleve institusjonar som vart slått saman til Helse Bergen HF gjennom sjukehusreforma i 2002. I dag er Helse Bergen HF den juridiske nemninga på føretaket, medan namnet Haukeland universitetssjukehus blir brukt om alle einingar i alle samanhengar som har med pasientbehandling å gjere. Haukeland universitetssjukehus har ansvar for spesialisthelsetenesta i Bergen og 22 nabokommunar i Midthordland, Nordhordland, Voss og delar av Hardanger.

Oppgåver endre

I tillegg til pasientbehandling, blir det drive ei omfattande forskings- og undervisningsverksemd ved sjukehuset. Haukeland universitetssjukehus har Norges nest største medisinske forskingsmiljø, berre Oslo universitetssykehus har større forskingsaktivitet innan medisin- og helsefag. Haukeland har ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar på både nasjonalt og regionalt plan. Om lag to tusen studentar har kvart år delar av utdanninga si på sjukehuset.

Historie endre

Haukeland universitetssjukehus ligg i bydelen Årstad i Bergen kommune, på området til gamle Haukeland gård. Det som den gongen heitte Haukeland sykehus var ei vidareføring av Bergen kommunale sykehus frå 1754 på Engen i Bergen. Haukeland gård vart kjøpt av Bergen kommune i 1897. Victor Nordan var arkitekt og 2. januar 1912 opna Haukeland sykehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar same år var det nye sjukehuset i full drift. Haukeland var den gongen eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I opningsåret behandla Epidemisk avdeling heile 1012 difteripasientar.

Sjukehusområdet har heile tida blitt bygd ut, endra og bygd om. I nyare tid vart den største utbygginga gjort i perioden 1971 til 1983, då Sentralblokken på 125 000 kvadratmeter vart oppført. Dei seinare åra har blant anna Haukeland hotell, Laboratoriebygget og Parkbygget kome til. I 2020 skal Haukeland universitetssjukehus sitt nye barne- og ungdomssenter stå ferdig.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Haukeland universitetssjukehus