Hauksongar

art av sporvefuglar
Hauksongar
Hauksongar
Hauksongar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk truga██ Hekkeområde ██ Passering under trekk ██ Overvintring

██ Hekkeområde ██ Passering under trekk ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Songarfamilien Sylviidae
Slekt: Curruca
Art: Hauksongar C. nisoria
Vitskapleg namn
Curruca nisoria

Hauksongar (Curruca nisoria) er ein medlem av songarfamilien, Sylviidae. Fram til år 2020 var han klassifisert i slekta Sylvia, etter det i Curruca. Han har eit vidt hekkeområde i Aust-Europa og vestlege Asia i habitat med buskar og spreidde tre, og han overvintrar i eit avgrensa område i Aust-Afrika. I ein periode på ca. 40 år var hauksongar ein sjeldan hekkefugl i Noreg.

Han er relativt stor og kraftig med eit karakteristisk gult auge og arttypisk haukelignende tverrband på undersida, som òg har gjeve det norske artsnamnet. IUCN kategoriserer arten som livskraftig, men han er trua i visse perifere område, slik som i dei nordiske landa.

Skildring endre

Hauksongar er ein stor og tungt bygd songar, 15,5–17 cm lang og kroppsmasse på 20–39 gram.[1] Namnet kjem av det faktumet at haukssangerens utsjånad vagt liknar ein hauk i liten storleik, med ei hovudsakleg blygrå overside, eit gult auge og ei underside som er tungt vatra i grått mot ein kvit bakgrunn. Hannen og hoa har liknande fjørdrakt, men hannen er mørkare grå på oversida og meir markert tverrstripa på undersida enn hoa, som berre er litt stripa, og auget er tydelegare gult. Juvenile fuglar manglar den tydlege vatringa, er jamnare lysegrå i fjørdrakta og har ein mørk iris.

Lokkelætet er ein typisk høyrbar klapring som deretter stoppar på slutten, «trrrr-´t´t-´t». Du kan samanlikne lyden med ein opprørt gråsporv. Songen er karakterisert som med mange klåre vekslande tonar utan mønster. Songen kan forvekslast med hagesongaren sin, men er nesten alltid hardare, raspare og har litt høgare tonehøgde. Meir lyse plystrande tonar er vovne inn i strofene.

Hekkehabitat for arten er generelt og globalt skogshabitat, utkant av skog, plantasjar, parkar og fukthagar. Arten krev ei vis form for busk- og trevekster, opptil 3 meter høge. Dei hekkar i lågland, sjeldan høgare enn 1600 moh.[1]

Utbreiing og systematikk endre

Hauksongar hekkar i store delar av Aust-Europa og tempererte regionar i vestlege Asia. Han er ein trekkfugl som overvintrar i Aust-Afrika, det vidaste området ligg i Kenya. Arten er ofte delt inn i to underarter med følgjande utbreiing:

  • nisoria - hekkar i Sør-Sverige, sørlegaste Finland og Aust-Europa aust til Uralfjella
  • merzbacheri - hekkar i vestlege Sibir til Nord-Iran, Afghanistan og Vest-Kina

Status og truslar endre

Den globale populasjonen blir ikkje sett på som trua og blir derfor plassert i kategorien livskraftig (LC) av International Union for Conservation of Nature (IUCN). Den globale bestanden blir antatt å vere stabil og estimert til førebels til 4–7,8 millionar vaksne individ.[2]

Likevel er nokre randpopulasjonar trua, til dømes den svenske som er kategorisert som sårbar (VU) og i Noreg som kritisk trua (CR).

I Norden

I ein periode frå 1972 til 2011 var hauksongar ein sjeldan hekkefugl i ytre Vestfold og Telemark.[3] Han blir framleis funnen i Noreg i samband med hausttrekket, flest registreringar i Rogaland, Agder, Trøndelag og Nordland.[4] I Sverige er han i tilbakegang, men hekkar hovudsakleg i kystområde, og spesielt på Öland og Gotland. Den svenske populasjonen er trudd å ha minka med mellom 30 og 70 % dei siste tiåra. I Danmark har han forsvunne heilt som hekkefugl. Opphør av beiting med gjengroing av habitat i tidlegare ope terreng med buskar og spreidde tre er trudd å vere årsaken til nedgangen.[3] Arten er kategorisert som ein kritisk truga art på den norske raudlista.[5]

Kjelder endre

 
Egg av gauk (Cuculus canorus canorus) og hauksongar
Referansar
  1. 1,0 1,1 Aymí, R., G. Gargallo, and E. de Juana (2020). Barred Warbler (Sylvia nisoria), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.barwar1.01
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Sylvia nisoria. Henta 24. mai 2021
  3. 3,0 3,1 Magne Myklebust & Kjetil Aa. Solbakken (16. august 2013). «Er hauksangeren borte som norsk hekkefugl?». Norsk Ornitologisk Forening. Henta 24. mai 2021. 
  4. Funninformasjon hos Artsobservasjonar Henta 24. mai 2021
  5. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av hauksanger Curruca nisoria for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hauksongar
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Hauksongar