Haukugle

fugleart
Haukugle
Haukugle
Haukugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Haukugle
Utbreiinga av Haukugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Surnia
Art: Haukugle S. ulula
Vitskapleg namn
Surnia ulula

Haukugle er ei ugle som hekkar i Noreg. Arten er den einaste i slekta Surnia.

Utsjånad endre

Fuglen er 38-41 cm lang og har eit vengespenn på 75-80 cm. Hannenn veg kring 270 gram og hoa 320 gram. Haukugla har lang stjert, noko som saman med vengeforma gir fuglen ein haukeaktig utsjånad. Hovudet er rundt og lite i høve til kroppen. Augene er gule. Nebben er lyst gul. Augekransane er kvite, med svart børste. Hovudet og halsen er svartaktige på oversida, med kvite flekkar. Elles er fuglen brun på oversida med kvite flekkar, og kvit på undersida, med mørke tverrlinjer. Svingfjørene er brune med kvite flekkar. Stjerten er brun med kvite tverrband. Ungfuglar er noko meir gråbrunt farga og har ikkje tydelege liner på undersida.

Læte endre

Til liks med andre ugler har haukugla ei rad ganske ulike læter. Fuglen syng som ein del av paringsleiken med open nebb og reiser fjørdrakta under nebben. Han vippar opp og ned med stjerten og rører seg rykkvis i trea. Songen hannen utstøyter for å markere revir er tydeleg, og liknar eit rullande ”ho ho hoho y y yyyyyy”. Dette byrjar lågmælt og stig i lydstyrke. Om eit par møtes er songen kortare og kjem i blant i duett. Til paringsleiken høyrest også hoa sitt rop når ho tiggar, noko som minner om eit hest ”chæt”. Ungane sit rop når dei tiggar om mat er derimot eit ”tschschui-epp”. Læte for å skremme vekk fiendar eller artsfrendar er fresing eller klapring med nebben.

Utbreiing endre

Haukugla har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i nordlege delar av barskogsbeltet, tvers gjennom Europa, Asia og Nord-Amerika, med ein underart på det nordamerikanske kontinentet og ein i Eurasia.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen hekkar i bjørkebeltet og i høgareliggande barskogar over heile Noreg, vanlegast i Nord-Noreg og fåtalig på Vestlandet. Hogstflater med spreidde attståande tre er gode biotopar, og talet på hekkande fuglar i låglandet har auka. Haukugla lever nomadisk, og fuglane som hekkar i her i landet kan like gjerne hekke i Sverige, Finland eller Russland. Talet på hekkande par kan vere mindre enn 100, i andre år 1000-10000.

Hekking endre

Egga vert lagde frå tidleg i mars fram til midt i mai.

Føde endre

Haukugla er delvis dagaktiv. Ho sit og spanar etter bytte. Når ho oppdagar noko flyg ho fort fram og fangar byttet. Hovudføda er smågnagarar, spissmus og mindre fuglar. Også ryper kan vere bytte. Haukugla har god høyrsel og det hender at ho fangar gnagarar som røyver seg inne i snøen.

Trekktilhøve endre

Haukugla er nomade og flyttar frå eit område når smågnagartalet går ned, og kjem ikkje attende før der atter er mange smågnagarar, noko som gjerne tek to år.

Kjelder endre

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk fugleatlas, 1994.