Havålfamilien

fiskefamilie
Havålfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Elopomorpha
Orden: Ålefisk Anguilliformes
Familie: Havålfamilien Congridae
Kaup, 1856

Havålfamilien er ein stor familie reint saltvasslevande ålefisk som hovudsakleg er utbreidd i Stillehavet. Nokre artar lever òg i Atlanterhavet og Indiahavet. Dei fleste artane er tropiske, men somme lever òg i tempererte strok. I Noreg førekjem èin art; havål.

Havålfamilien omfattar rundt 150 artar, fordelt på 32 slekter.

Kjenneteikn endre

Alle havålartane manglar skjel, er utstyrte med kraftige kjevar og har tverrtappar på oversida av ryggvirvlane sine. Som regel har dei brystfinnar.

Dei fleste havålar er nattaktive rovfisk som lever av fisk og krepsdyr. Dei finst helst på djupt vatn, bortsett frå dei få tempererte artane. Artane i underfamilien Heterocongrinae, lever i koloniar i sandbotn, og kjem opp for å ete plankton om natta.

Bakgrunnsstoff endre