Havnivå viser til gjennomsnittshøgda på havet i høve til eit vald referanseområde på landjorda. Ut frå dette nivået kan ein oppgje høgda på stader eller geografiske formasjonar i meter over havet. Havnivået vil på ein bestemt stad varierer på grunn av tidvatn og havbølgjer, men sjølv om ein jamnar ut desse faktorane, vil ein få både kortperiodiske og langperiodeiske variasjonar.

Kortperiodiske variasjonar kjem hovudsakleg av varierande lufttrykk og at vinden stuvar opp vatn mot ein kyst, noko som kan gje stormflod. Langperiodiske svingingar kan kome av at temperaturen i havet, og dermed tettleiken til vatnet, og lufttrykket endrar seg gjennom året. Dette kan utgjere ein middelvasstand mellom vinter og sommar på over 30 cm.

Havnivået kan hevast eller senkast i samband med at sjølve havet endrar seg gjennom prosessar som til dømes global oppvarming, eller ved at eit landområde stig, som den skandinaviske halvøya etter istida. Dette kallar ein eustatisk heving og senking

Danninga av djupe groper i botn i samband med orogenese fører til eustatisk senking. Det same skjer under istider fordi mykje av vatnet då vert bunde opp som is på land. Når is smeltar får ein eustatisk heving. Den maksimale eustatiske senkinga i kvartærtida var om lag 250 meter og under den siste nedisinga var han 100 meter. Om alle noverande isbrear, som utgjer om lag 15 millionar kubikkilometer hadde smelta, ville ein ha fått ei eustatisk heving på om lag 35 meter.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«eustatisk hevning og senkning» i Store norske leksikon, snl.no. «havnivå» av Odd Henrik Sælen i Store norske leksikon, snl.no.