Havre Mountains er ei stor fjellkjede heilt nordvest på Aleksanderøya i Antarktis som strekkjer seg 20 nautiske mil frå aust til vest mellom Cape Vostok og Russian Gap. Dei vart først sett i 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen og observert på ny av Belgica-ekspedisjonen, 1897–99. Dei vart grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, under Jean-Baptiste Charcot, som namngav dei etter Le Havre, den franske hamnebyen som «Pourquoi-Pas?» segla ut frå i 1908. Fjella vart kartlagde i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960.[1]

Havre Mountains
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 69°8′S 71°40′W / 69.133°S 71.667°W / -69.133; -71.667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Havre Mountains
69°08′00″S 71°40′00″W / 69.133333333333°S 71.666666666667°W / -69.133333333333; -71.666666666667
Havre Mountains is located in Antarktis
Havre Mountains (Antarktis)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Havre Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 23. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Havre Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).