Havsule
Havsule
Havsule
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Havsule
Utbreiinga av Havsule
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Sulefamilien Sulidae
Slekt: Morus
Art: Havsule M. bassanus
Vitskapleg namn
Morus bassanus

Havsule (Morus bassanus, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i sulefamilien.

Havsula har torpedoforma kropp, lange smale venger og eit dolkeaktig nebb som er godt til å fanga fisk med. Den vaksne havsula kan bli opptil 87–100  cm lang og vega 2,5–3 kg. Vengespennet er 165–180 cm.

Skildring endre

Fuglane er kvite med svarte fjører ytst på vengene. Under hekkinga får hovudet og nakken gulaktige fjører. Unge fuglar er svarte dei første åra, men blir gradvis kvitare til dei får vaksen farge etter fem år.

Levevis endre

 
Havsule på fugleøya Runde.
 
Havsule-egg

Havsula held til i Nord-Atlanteren og Middelhavet. Ho lever av fisk som ho speidar etter frå høgder opptil 45 meter over havet. Når ho jaktar kan ho stupa ned mot fisken i opptil 100 km/t.

Havsula er ein god symjar, den einaste fuglen som har symjehud mellom alle dei fire tærne.

Havsuler hekkar i tette koloniar i bratte klipper og skrentar. Dei hekkar første gongen når dei er mellom tre og fem år gamle.

Fuglemora legg eit enkelt kvitt, blåleg egg dekt av eit kalklag som delvis flassar av. Begge foreldra rugar. Ungfuglane dreg frå reiret når dei er omtrent tre månader gamle.

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Morus bassanus
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Havsule