Hawks & Doves
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 3. november 1980
Innspelt 1974–77, 1980
Studio Quadrafonic i Nashville; Village Recorders i Los Angeles; Indigo Recording Studio i Malibu; Triad Recording Studio i Ft. Lauderdale og Gold Star Recording Studio i Hollywood
Sjanger Countryrock, folkrock
Lengd 29:47
Selskap Reprise/Warner Bros.
Produsent Neil Young, Tim Mulligan, Elliot Mazer
Neil Young-kronologi 
Live Rust
(1979)
Hawks & Doves Re·ac·tor
(1981)


Hawks & Doves er eit album av Neil Young frå 1980. Dei to sidene vart spelte inn på forskjellig tidspunkt. Den eine var innspelingar gjorde frå om lag 1974 til 1977, og den andre var frå innspelingar tidleg i 1980. Albumet nådde 30. plass på den amerikanske albumlista. Det er òg eit av dei kortaste albuma til Young, like under ein halvtime.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA−[2]
Pitchfork(5.7/10)[3]

Albumet kom ikkje ut på CD før det vart gjeve ut som HDCD i 2003.

Informasjon endre

Side ein, «doves»-sida, var songar som opphavleg var meint for Homegrown i 1975. «The Old Homestead» er ein song som stiller spørsmål ved dei som sette spørsmålteikn ved kvifor Young stadig nytta bandet Crazy Horse når han lett kunne få tak i flinkare musikarar. Sidan David Crosby fleire gonger har stilt dette spørsmålet kan songen vere eit direkte svar til han. Songen er òg noko lik Crosby sin song «Cowboy Movie» frå hans If I Could Only Remember My Name frå 1971.

Side to, «hawks»-sida, består av innspelingar gjort for dette albumet. Songane var dei mest country-aktige Young hadde skrive til då. Denne sida bestod av utrøytteleg patriotisme og såg ut til å hylle høgrevridd politiske verdiar, noko som forvirra kritikarar og tilhengjarar, sidan Young hadde gått imot desse verdiane og skrive ein av dei beste protestsongane frå 70-åra, «Ohio».

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein – «Doves»
Nr.TittelLengd
1.«Little Wing»2:10
2.«The Old Homestead»7:38
3.«Lost in Space»4:13
4.«Captain Kennedy»2:50
Side to – «Hawks»
Nr.TittelLengd
1.«Stayin' Power»2:17
2.«Coastline»2:24
3.«Union Man»2:08
4.«Comin' Apart at Every Nail»2:33
5.«Hawks & Doves»3:27

Medverkande endre

  • Neil Young – gitar, munnspel, piano, vokal
  • Greg Thomas – trommer
  • Dennis Belfield – bass
  • Ben Keith – steel og dobro, harmonivokal
  • Rufus Thibodeaux – fele
  • Ann Hillary O'Brien – harmonivokal
  • Levon Helm – trommer på «The Old Homestead»
  • Tim Drummond – bass på «The Old Homestead»
  • Tom Scribner – sag-spelar på «The Old Homestead»

Kjelder endre

  1. Ruhlmann, William (7. november 1970). «Hawks & Doves - Neil Young : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 28. februar 2019. 
  2. «Neil Young: Hawk or Dove?». Robert Christgau. 1. desember 1980. Henta 28. februar 2019. 
  3. «Neil Young: On the Beach / American Stars 'n' Bars / Hawks & Doves / Re-ac-tor | Album Reviews». Pitchfork. 30. september 2003. Henta 28. februar 2019. 
  4. «iTunes - Music - Hawks & Doves (Remastered) by Neil Young». Itunes.apple.com. 12. november 1945. Henta 28. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre