Hayle (kornisk Heyl) er ein liten by i Cornwall i England. Han ligg ved han sørlege enden av St. Ives-bukta, ved estuaret til elva Hayle. Det korniske namnet tyder «fjord».

Hayle

kornisk Heyl
Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret
Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret
Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret
Plassering
Hayle is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 317
Koordinatar 50°11′″N 5°25′″WKoordinatar: 50°11′″N 5°25′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TR27
Telefon-retningsnummer 01726
Commons har multimedium som gjeld: Hayle

Han var tidlegare ein viktig fiskarby og utskipningshamn for tinn og andre varer. Fleire koparsmeltarar virka i byen, og den austlege delen har namnet Copperhouse etter denne verksemda. Det var òg eit jernstøyperi, som no står i ruinar.

1800-talet hadde det blitt meir lønsamt å eksportere råtinn framfor å smelte det i Hayle, og dermed starta ei nedgangstid for byen. I 1970-åra slutta ein å bruke hamna til større skip, då kostnadane for oppmudring var for høge.

Viktigaste næringsveg er no turisme. Rundt bukta ligg sandstrender over ei strekning på omkring 5 km. Godrevy fyr er eit viktig landemerke, som skal ha inspirert Virginia Woolf sin To the Lighthouse.

Kjelder endre