Heathcote Valley er ein forstad i ChristchurchNew Zealand.

Heathcote Valley
Utsikt frå Christchurch gondolbane ned i Heathcote Valley.
Utsikt frå Christchurch gondolbane ned i Heathcote Valley.
Utsikt frå Christchurch gondolbane ned i Heathcote Valley.
Styresmakter
Land New Zealand New Zealand Region: Canterbury
City: Christchurch
Geografi
Flatevidd 7,3746 km²
Flatevidd
 - Forstad

7,3746 km²
Innbyggjarar[1]
 - Forstad (2006)

1983
Koordinatar 43°35′S 172°43′E / 43.583°S 172.717°E / -43.583; 172.717
Tidssone +12 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 8022
Nettstad: heathcotevalley.communityspot.org.nz/

Geografi endre

Bydelen er dominert av nærleiken til vegtunnelen Lyttelton road tunnel, ei stor trafikkåre som går gjennom Port Hills. Vegen er ein del av riksveg State Highway 74. Jarnvegslinja Main South Railway line går gjennom forstaden før ho når Lyttelton rail tunnel som fører til hamna i Lyttelton.

Forstaden ligg ved foten av dei bratte vulkanske knausane som dannar den nordlege kanten av åsane, om lag åtte kilometer søraust for bysentrum. Frå Heathcote Valley startar også gondolbanen Christchurch Gondola, som går opp til Mount Cavendish på Port Hills. Gondolbanen opna offisielt den 24. november 1992.[2]

Historie endre

Heathcote Valley har ei lang historie med produksjon av malt, den siste verksemda var Canterbury Malting Company. Dei utrangerte fabrikkbygningane, som vart stengde i 1999, dominerer horisonten[3].

Namn endre

Trass i namnet ligg Heathcote Valley om lag to kilometer sør for Heathcote River, som ikkje renn gjennom forstaden, men over ei vid slette austover. Forstaden har fått namn etter sir William Heathcote, sekretær i Canterbury Association.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre