Heimevernet (HV) er ei forsvarsgrein i det norske forsvaret som fungerer som ein hurtigmobiliseringsstyrke. Heimevernet blei oppretta 6. desember 1946 etter erfaringane frå andre verdskrigen. Styrken blei oppretta etter modellen til Heimefronten, med eit stort tal soldatar spreidde over heile landet, soldatar som har utstyret sitt heime. Fram til 2000-talet hadde dei også fungerande våpen og ammunisjon heime, men no har HV-soldatane berre våpen som må «låsast» opp av befal ved oppmøte til teneste.

Heimevernet


Skipa6. desember 1946
MorselskapDet norske forsvaret
DotterselskapMøre og Fjordane Heimevernsdistrikt 11, Heimevernsskulen Dombås
HovudkontorTerningmoen
LandNoreg[1]
Nettstadhttps://www.forsvaret.no/heimevernet (norsk)

Soldatmassen i Heimevernet består av soldatar som har avtent 3-6 månaders grunnkurs, eller full fyrstegongsteneste før dei blei overførte til Heimevernet. I tillegg er det mogleg å søkje seg til Heimevernet som frivillig. Tidlegare var styrken på ca. 82 000 soldatar, men etter omorganiseringa av Heimevernet blei dette redusert. HV består i dag av ca. 40 000 soldatar fordelt på 3 styrkar.[2] Desse styrkane er innsats-, forsterkings- og oppfølgingsstyrkar, forkorta I-styrken, F-styrken og O-styrken.

Heimevernet har nær kontakt med det sivile samfunnet. I tillegg til at mannskapet og dei fleste offiserane er sivilistar til dagleg, så er det også ein formell kontakt med det sivile samfunnet ved det at kvart distrikt har eit råd der også sivile organisasjonar er representerte. Dette samarbeidet finst også på landsbasis. Eit anna organ er Heimevernsnemdene, der lokale politikarar saman med politirepresentantar er med på å avgjere kven som er skikka for teneste i Heimevernet.

Historie endre

Under okkupasjonen av Noreg i 1940 oppstod dei første tankane i nyare tid om å organisere eit heimevern. Tyske styrkar spreidde seg nemleg over heile landet i løpet av kort tid, og blei møtte med liten motstand dei fleste stadene.

Den 15. april 1944 la Forsvarets Overkommando fram ein plan om å førebu reising av Noreg sitt nye forsvar for den norske regjeringa i London. I den var det skrive at «under moderne krig må befolkninga til ei kvar tid og kor som helst i landet kunne tre i aksjon til forsvar av sin eigen by, si eiga bygd eller grend. Det skal først og fremst halde fienden tilbake til ordinære stridskrefter kan kome til».

Ein ønskte også å ha eit heimevern for å kanalisere noko av tiltakslysta frå Milorg og andre organisasjonar som hadde vore aktive under krigen. Forsvarsviljen var høg i befolkninga og det var mykje både militær trening og personlege nettverk som ein frykta kunne gi grobotn for paramilitære organisasjonar utanfor regjeringa sin kontroll.

Den første generalinspektøren for Heimevernet var generalløytnant Wilhelm Hansteen. Han blei utnemnd den 7. september 1945, og Heimevernet bestod på det tidspunktet utelukkande av han. Dei jobba vidare med å ta fram HV sin struktur, og først var tanken at det skulle basere seg på frivillig deltaking. Hansteen fekk også instruks om å knyte kontakt med dei tidlegare heimestyrkane og andre med forsvarsinteresse rundt om i landet. Heimevernet blei etablert i Stortingsmelding nr 32 som blei langt fram og vedteken av Stortinget den 6. desember 1946. Denne siste datoen reknar HV sjølv som grunnleggingsdatoen.

Den andre GIHV blei Mons Haukeland, som byrja i stillinga den 11. august 1946. Den tidlegare stillinga hans som sjef for Milorg i Bergen bidrog til tettare tilknyting mellom HV og tidlegare Milorg-personell, og la grobotnen for ein uformell doktrine innan HV om å drive geriljakrigføring.

Då Heimevernet opna for vernepliktige og frivillige var mengda mannskap over all forventning. Rundt 40 000 vernepliktige blei innrullerte, ikkje 20 000 som dei hadde rekna med. Talet frivillige var også mange gonger dei 10 000 det var rekna med. Då dei første øvingane drog i gang ut på hausten 1946 var den totale styrken på omtrent 100 000 mann.

Dei første åra blei HV dårleg utrusta, mest på grunn av at Hæren vart prioritert høgre. Det var også mangel på både uniformer og våpen, og det første året bestod utrustinga av 50 000 Krag-Jørgensen-rifler av varierande kvalitet, og 3 100 uniformer.

Mange av HV sitt befal dei første åra var utdanna ved Kompani Linge. Desse var ofte trent i gerilja- og sabotasjeaksjonar. Saman med Milorg-folka bidrog det til at HV opererte med to skilte taktiske retningslinjer. Den eine var utarbeidd i Storbritannia, og slo fast at at HV skulle verne mot kupp og overraskingsangrep, og den andre var uoffisiell og gjekk ut på at HV skulle kunne drive geriljakrigføring.

Etter kvart vart mengda våpen i HV, også støttevåpen, aukande. I 1969 blei det bestemt at HV skulle bruke same geværet som Hæren, nemleg det tyske automatgeværet AG-3. I mellomtida hadde dei fleste i HV vore oppsette med tyske Mauserkarabinar frå krigen, som hadde fått nye løp i det amerikanske kaliberet 30.06 (7,62X63 mm). Etter 1970 forsvann ein del av støttevåpena igjen, og sjølv om enkeltsoldaten i HV fekk meir eldkraft og HV større interoperabilitet med hæren, så fekk HV-avdelingane mindre eldkraft enn tilsvarande hæravdelingar. Blant anna blei dei tunge maskingævera borte, to av troppen sine maskingevær forsvann og det gjorde også Energa geværgranatar til bruk mot panser.

Etter kvart som krigsgenerasjonen blei eldre, auka også gjennomsnittsalderen til HV-befalet. Vegen opp gjennom befalsutdanninga i HV var svært kort, og ein kunne for eksempel bli sersjant etter tre månaders rekruttskule, og 24 dagars repetisjonsteneste og 28 dagars kursing. Dette minimumsløpet var noko uvanleg, men ei 12 månaders førstegongsteneste som lagførar og eit 14 dagar langt troppskurs var relativt vanleg.

I starten hadde ofte eit område ei spesialgruppe, ofte leidd av tidlegare befal frå Kompani Linge. Desse vidareførte på mange måtar den taktiske arven frå Milorg, og på øvingar opererte dei på sida av fienden sine framrykkings-aksar. Heimevernsskolen på Dombås oppretta eigne geriljarkurs, som raskt blei populære. I motsetnad til Hæren utarbeidde Heimevernet eigne instruksar på området, og leiande offiserar var talsmenn for stridsforma.

Fram til rundt 1963 produserte HV ei stor mengd eigne trykksaker og instruksar. Dette var for å bøte på den store mangelen på instruksar etter krigen, og mange av desse var i bruk fram mot 1970-talet. Sjølv om dei offisielt ikkje kom på leselister, blei dei aldri tekne ut av sirkulasjon gjennom makuleringsordrar. Heimevernsbladet blei også ein viktig kanal for instruks- og doktrinearbeidet, men dette dabba også av fram mot 1970.

Dei offisielle oppdraga til Heimevernet blei formulerte i Stortingspreposisjon 90 i 1953 og av Eriksen-utvalget i 1964. Begge konkluderte med at landsforsvaret sine mobile oppgåver burde bli ivaretekne av Hæren, medan HV sørgde for stasjonære oppgåver som vakt, sikring, trafikkregulering, grensevakt og liknande. Dei ulike distrikskommandoane hadde ulik praksis på dette. Grovt sett var det slik at di lenger nord i landet ein kom, di meir hadde ein mobile oppgåver og tettare samarbeid med Hæren.

I 1970 blei Heimevernsstaben omorganisert og lagd under Forsvarets overkommando. Den tette tilknytinga til Forsvarsdepartementet forsvann, og saksbehandlinga blei meir formell.

Fram mot slutten av 1970-talet gjekk diskusjonen om Heimevernet si rolle som geriljasoldatar for fullt. Venstresida i norsk politikk var positive til HV som ein slags folke-milits og ei motvekt til militarismen i resten av Forsvaret. Dei ønskte å overføre meir ressursar til HV, og organisere dette meir på linje med dei sterke partisanavdelingane i til dømes Jugoslavia. Dei meir radikale argumenterte for å bruke alle forsvarsressursane på gerilja-avdelingar. Dette synspunktet tapte støtte etter kvart som diskusjonen gjekk i militære og politiske fora, og rundt 1980 var saka lagd død.

På 1980-talet hadde HV fått ei oppsetjing som i stor grad likna Hæren. Personellet hadde meir erfaring og høgare utdanning enn tidlegare år, og HV var organisert i større avdelingar. Fokus var på å stå imot angrep frå regulære sovjetiske hæravdelingar, marineinfanteri og luftlandsetjingsavdelingar. På troppsnivå heldt dei endå på med objektsikring, men det blei øvd på både angrep og forsvar i djupna. Nytt, tyngre utstyr kom også inn, slik som 106 mm rekylfri kanon. Problemet med mykje av det tyngre utstyret var at Heimevernet ikkje var sett opp til verken å transportere eller vedlikehalde det, oppgåver som ofte blei overførte til Hæren. På same tid auka skepsisen frå Hæren si side, og argumentasjonen gjekk på at HV tok seg vatn over hovudet ved å organisere større avdelingar. Dette synet delte også forsvarssjefen, som i 1982 slo fast at Heimevernet skulle vere organisert på troppsnivå.

Åra frå 1984 til 1992 var på mange måtar ein mellomperiode for HV. Ein hadde, blant anna gjennom analysar av krigen i Afghanistan, fått ei forståing av at den største trusselen var frå sovjetiske Spetsnaz, spesialtrente sabotasjegrupper som kunne ventast å operere bak norske linjer. Også i opptakta til ein krig ville desse infiltrere bak norske linjer og liggje klare til aksjon, gjerne før krig formelt var erklært. I 1987 blei spesialstyrken "HV SPES" oppretta for å møte denne trusselen. Styrken finst i dag i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, og blir kalla for 016-avdelinga. I dag er 016-avdelinga ein del av I-styrken.

Gjennom 1980-talet blei også Heimevernsskolen Dombås (HVSKD) ein meir aktiv spelar når det gjaldt utvikling av doktrine. Grasrotinitiativa frå 1970-talet skulle kanaliserast inn i meir strukturerte former, og tyngre avdelingar kravde andre ferdigheiter blant personellet, blant anna meir stabsarbeid. I 1987 stod også det nye undervisningsbygget på Dombås ferdig, og skulen fekk ein fysisk kapasitet som var større enn den hadde medan han heldt til i gamle tyske brakker. I 1992 blei HVSKD våpenskule, og produksjonen av elevar hadde gått opp frå 300 årleg til 1250, samtidig som talet på direktiv også auka. HVSKD blei eit senter for doktrineutviklinga i HV.

Under Sovjetunionen sitt samanbrot og dei påfølgjande omveltingane i utanrikspolitikken blei HV sitt fokus flytta. Tidlegare hadde ein nesten utelukkande konsentrert seg om krigsoppgåver, men både trusselen frå spesialstyrkar, som formelt sett kunne ventast å operere i ein fredstilstand, og den nye verdssituasjonen, gjorde at ein måtte gjere ein del avklaringar om HV si rolle i fred. Naudretten blei i stor grad drilla inn i mannskapa, og politi og fylkesmann blei trekte inn i planlegginga av objektsikringa i fredstid.

På starten av 1990-talet kom også direktiv for utrykkingstyrkar i Heimevernet. Det blei eit ønske om å kunne reagere meir fleksibelt på fiendtlege styrkar sine operasjonar bak eigne linjer, og der inngjekk det å kunne sende HV-styrkar over tidlegare administrative grenser. Dette hadde skjedd også tidlegare, men med uklare kommandolinjer som resultat. Utrykkingsstyrken, som var motorisert og hadde eigne oppklaringstyrkar, blei oppretta. Direktivet kom i 1998, men den nye utrykkingstyrken hadde kontinuitet tilbake til dei tidlegare spesialstyrkane frå 1980-talet. Utrykkingsstyrken skulle samarbeide tett med Politiet i fredstid, og fekk avgrensa politimyndigheit.

I 2005 blei HV omorganisert med færre distrikt, og ein tredelt struktur med innsatsstyrkar, forsterkingsstyrkar og oppfølgingsstyrkar med ulik grad av utstyr, trening og beredskapsgrad.

I april 2010 blei det føreslått frå to forskarar ved Institutt for Forsvarsstudier å slå saman Heimevernet og Hæren til «Landforsvaret».[3]

Organisering endre

 
Heimvernets utdanningssenter, Værnes

Heimevernet er delt inn i tre delar:

Dette er ny kommandostruktur etter gjennomført omorganisering. Distrikta har eit klart definert geografisk ansvarsområde. Dei tidlegare avsnitta (350–960 mann) hadde også frå 1970–2000 eit klart avgrensa geografisk område.

Heimevernsdistrikta (før omorganiseringa, 1. august 2005) endre

Heimevernsdistrikta (etter omorganiseringa, 1. august 2005) endre

Kjelder endre

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 56995, Wikidata Q7061260 
  2. «Om Heimevernet», Forsvaret (på norsk bokmål), henta 18. september 2022 
  3. Egeberg, Kristoffer (22. april 2010), «Må slå sammen Hæren og Heimevernet», dagbladet.no (på norsk), henta 18. september 2022 

Bakgrunnsstoff endre