Heinrich Messner, kjend som Heini Messner, (1. september 193919. oktober 2023) var ein austerriksk skirennar frå Obernberg am Brenner i Tirol. Han vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane i 1968 og 1972. Messner vart nummer to i Verdscupen i alpine greiner 1967.

Heini Messner

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 1. september 1939
Obernberg am Brenner
Død

19. oktober 2023 (84 år)

Yrke alpinist
Språk tysk
Høgd 176 centimeter
Heini Messner på Commons

Aktiv endre

Frå 1961 til -67 vann Messner fem austerrikske meistertitlar. Han vart fyrst utformeister i 1961, deretter vann han slalåm tre år på rad, 1964-66, og til sist sigra han i den nasjonale meisterskapen i storslalåm i 1967.

Messner OL-debuterte på heimegrunn i Tirol med ein tiandeplass i utfor under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. To år seinare vart han nummer fire i same øvinga då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i chilenske Portillo.

Den 5. januar 1967 vann Messner det aller fyrste rennet i verdscupen i alpine greiner. Rennet vart avvikla i Berchtesgaden i Vest-Tyskland. Sigeren vart hans i einaste i verdscupen, men fram til 1972 tok han 17 gongar steget opp på sigerspallen. I verdscupsesongen 1967 enda han på andreplasse etter suverene Jean-Claude Killy frå Frankrike.

Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 tok Messner bronsemedaljen i storslalåm og vart nummer nummer fire i utfor. Desse prestasjonane, samt ein delt 13. plass i slalåm gav han VM-bronse i kombinasjonen, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.

I VM i alpine greiner 1970 i Val Gardena vart Messner nummer fire i storslalåm. To år etter tok han bronsemedaljen i utfor då vinterleikane 1972 fann stad i Sapporo.

Trenar endre

Messner var 1972-74 trenar for Austerrike sitt landslag for kvinner.

Kjelder endre