For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hekk (fleirtyding).

Hekk er ei rekkje av buskar eller tre som er planta og stelt for å danna eit gjerde eller anna skilje. Ein bruker hekkar til å skilja og avgrensa vegar, jorde og hagar og til å kanta bed. Dei kan verna mot vind, støy og innsyn og gøyma gjerde eller uønskt utsyn. Hekkar kan også fanga støv, vatn og halda på jord slik at ho ikkje eroderer. Dei kan dermed vera både til nytte og til pynt.

Buksbomhekk ved Fishbourne Roman Palace i West Sussex i England.
Høg bøkehekk rundt hus og åkrar er vanleg i området rundt Monschau i Eifel i Tyskland.

Hekkestell er ein enkel type planteforming. Ein hekk kan lagast av eitt enkelt planteslag eller av fleire ulike. Veleigna vekstar er rasktveksande, gjerne eviggrøne plantar som toler jamn klipping. Hekkar kan nå ulike høgder, avhengig av plantetype og av klippinga. Ein kan ha pyntehekkar på nokre få centimeter, til dømes av buksbom, eller hekkar som er fleire meter høge, til dømes av sypress.

Ordsoge endre

Ordet «hekk» kjem frå tysk Hecke og tyder opphavleg ‘hegn’ eller ‘inngjerding’ . Det har same opphav som hage. Det engelske ordet er hedge og det nederlandske er haag. Byen Haag i Nederland heiter formelt 's Gravenhage som kan tyda ‘Grevehekken’.

Gjerdehekkar endre

Mange stader i Nord-Europa har ein avgrensa jorde med hekkar danna av fleire ulike plantetypar oppå vollar. Desse hekkane kan vera fleire hundre år gamle, og har eit eige økosystem. Ein har laga gjerdehekkar sidan yngre steinalder, men mange har forsvunne, særleg som følgje av den grøne revolusjonen i jordbruket. Fleire stader blir bønder no oppmuntra til å bruka gjerdehekkar i staden for moderne gjerdetypar, for å ta vare på både naturleg mangfald og kulturlandskapet.

Ein har også brukt hekkar som vern mot angrep og for å administrera folk. Det kinesiske Qing-dynastiet brukte ein palisade toppa med piletre til å kontrollera rørslene til folk og varer i sørlege Mandsjuria på 1600-talet. Den enorme «Great Hedge of India» blei planta i Britisk India for å hindra smugling av salt, sukker og opium. For å spara krefter på bygging og reparasjon av daude gjerde blei det planta ein rundt 100 mil lang hekk på minst 2,4 meter av ei rekkje ulike planteartar tilpassa dei ulike klimatypane hekken gjekk gjennom.

Den høgaste og lengste hekken i verda i dag er bøkehekken ved Meikleour som er rundt 30 meter høg og 530 meter lang. Han blei planta i 1745 av Jean Mercer og mannen Robert Murray Nairne rundt godset til markien av Lansdowne.

Hagehekkar endre

 
Hus med hage skild frå skog og åker av hekk.

Klipte eller frie hekkar av ei rekkje ulike plantar kan brukast til å avgrensa og pynta i hagar. Klipte hekkar tek mindre plass og kan sjå ryddige og formelle ut, medan frie hekkar kan ha fleire blomar og bær.

Formelle hagar frå 1500-talet nytta hekkar av tre til avenyar, og finst i italienske hagar som Boboli-hagen i Firenze og i formelle franske hagar som ved slottet i Versailles. Låge pyntehekkar var på mote i europeisk hagekunst på 1500- og 1600-talet, og er blitt vanlege rundt bed i parterre-hagar. Dei kunne danna innvikla mønster sett ovanfrå, og skulle gjerne nytast frå vindauge i eit herskapshus eller frå ein terrasse. Det blei også laga ei rekkje hekklabyrintar. Variasjonar av hekk omfattar mellom anna tre med klipte toppar, altså ein slags «hekk på stylter», og hekkar danna av både klipte buskar og tre som stikk opp. Velfriserte hekkar blei mindre vanlege på 1700- og 1800-talet, då ein fekk sansen for meir naturlege hagar. Tidleg på 1900-talet blei det laga mange «mosaikkhekkar», hekkar med svært ulike plantar, til dømes med ei blanding av grøne og gylne blad eller bar.

I dag blir hekkar gjerne nytta rundtom hagar eller langs vegar og stiar. I nokre høve kan dei føra til nabotvistar, som regel fordi dei blir for høge og skuggar for ein nabo. Ulike stader har reglar mot upassande hekkar. I Storbritannia blir til dømes eviggrøne eller halveviggrøne hekkar over 2 meter som plagar ein nabo dekte av Anti-Social Behaviour Act 2003. I Noreg er hekkar mellom eigedommar regulert av grannegjerdeloven.

Planting og stell endre

 
Ulike former ein kan forma ein hekk på.
 
Hekktrimming.
Foto: Dave Hitchborne

Ein bruker rundt 2 til 5 plantar per meter hekk. Mange gjerdehekkar blir laga ved at ein byggjer opp ein voll som ein deretter plantar på, elles grev ein ei grøft til plantane. Ei rekkje plantar kan slå rot om ein stikk levande kvistar ned i jorda, og dette er ein vanleg, tradisjonell måte å anlegga hekk på. Ein kan også bruka små eller store plantar på rot. I dag blir det selt hekkeplantar i hekkstorleik (1-2 år gammal), buskstorleik (3-4 år) eller som «ferdighekk» (plantar som er 1-2 meter høge).

For å få ein hekk tett og ryddig må han klippast eller stellast med jamne mellomrom. I tradisjonelle gjerdehekkar skjer ein gjennom store delar av treet nær bakken og legg det til sides, slik at hekken blir tett nedst og fungerer som stengsel for husdyr. Elles klipper eller skjer ein or hekken med hekksaks eller hekktrimmar, som regel utanfor vekstsesongen. Hekkar som veks heilt fritt utan stell vil utvikla seg til kratt eller skog.

Nyplanta hekkar bør skjerast hardt ned for å få tett vekst nedst. Frie hekkar kan klippast ein gong i året eller sjeldnare. Klipte hekkar kan ein trimma ein eller to gonger årleg eller oftare, avhengig av plantetype og forma ein ønskjer å oppnå. Ein klipper berre sidene heilt til hekken har nådd ønskt høgd.

Klipte hekkar kan formast på ulike måtar. Dei kan ha skarpt avgrensa kantar eller vera meir runda. Hekkar kan også ha ulik høgd, klippast i mønster, leiast over portar og liknande. Ein hekk bør ikkje vera breiare øvst enn nedst, ettersom den øvste delen då skugger for resten. Ein kan likevel ha nokre tre som del av ein hekk utan at desse øydelegg hekken.

Vanlege hekkeplantar endre

 
Klipt ligusterhekk i Tyskland.
 
Klipt kameliahekk i Nishiwaki i Japan.

Til klipte hekkar:

Frie hekkar (nokre av desse veks berre i varmt klima):

Hekkar i kulturen endre

 
Tornerose-illustrasjon av Edward Burne-Jones.

Innan litteraturen er truleg rosehekken som veks rundt slottet til eventyrprinsessa Tornerose best kjend. Den ville hekken, eller skogen, skjuler eit forheksa slott der alle søv i hundre år.

I fantasiverda til J.R.R. Tolkien skil ein hekk det trygge Heradet til hobbitane frå den trugande skogen utanfor. I animasjonsfilmen Over the Hedge markerer derimot ein hekk skiljet mellom heimen til dei ville skogsdyra og eit nytt byggjefelt med mange menneskeskapte farar.

I romanen Parabola del naufrago av Miguel Delibes, omsett til The Hedge på engelsk, er ein hekk som veks vilt eit sentralt motiv. Hekken fangar den forvilla hovudpersonen i ein labyrint av eit forbrukarsamfunn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre