Hekling er ein handarbeidsteknikk der ein lager stoff ved hjelp av garn og ei heklenål. Teknikken kan nyttast til klede, dukar, vesker og mykje anna. Stoffet ein lagrr er fast og ikkje elastisk som ved strikking.

Hekla irske kniplingar.
Heklande ungjente måla av William-Adolphe Bouguereau (1889).

Ein bruker heklenåla til å dra garnet gjennom ei heklemaske. Gjennom masken som oppstår kan ein dra tråden på ny, og skapa ein ny maske. Slik får ein ei hekla lenkje.

Når ein hekler gjer ein som regel ei maske heilt ferdig før ein startar på den neste. Ofte vert glatt heklegarn nytta til denne typen handarbeid, men det er mogleg å hekla med alle typar garn.

Det er mange ulike heklemasker. Mellom dei vanlegaste er luftmasker, fastmasker og stavar. Ved å kombinera desse kan ein laga mange ulike mønster.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hekling

Sjå òg endre