Helga Haugland Byfuglien

Helga Haugland Byfuglien (fødd 22. juni 1950 i Bergen) er ein norsk geistleg som preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja frå 2011 til 2020. Ho kom då frå stillinga som biskop i Borg bispedømme.

Helga Haugland Byfuglien

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juni 1950 (73 år)
Bergen
Yrke prest, teolog
Tittel Fast preses i Bispemøtet
Periode 2011-2020
Føregangar Olav Skjevesland
Etterfylgjar Olav Fykse Tveit
Tittel Biskop i Borg
Periode 2005-2011
Føregangar Ole Christian Kvarme
Etterfylgjar Atle Sommerfeldt
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Helga Haugland Byfuglien på Commons

Byfuglien har tidlegare vore generalsekretær i Norges KFUK-KFUM. Frå 1993 til 1997 var Haugland Byfuglien stiftskapellan i Borg bispedømme. Ho var kyrkelydsprest i Nidaros bispedømme frå 1978 til 1986 og i Ås prestegjeld i Borg frå 1986 til 1993.

Frå 2. mai 2006 til 1. juni 2007 var Byfuglien også medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle vurdere dei kristne formålsparagrafane i skulen og barnehagen, det såkalla Bostad-utvalet.