Helgelandske er eit norsk transportselskap basert i Sandnessjøen, som driftar ferjer og snøggbåtarHelgeland. Kjennemerket deira er ei grøn stripe mellom to raude striper.

Selskapet vart skipa under namnet Det Helgelandske Dampskibsselskab 1. juli 1867, og lensmann Christian Wang var fyrste styreleiar. Administrasjonen vart i 1898 flytt frå Søvik til Sandnessjøen. Hovudaktiviteten har vore gods- og passasjertransport, i starten med båtane DS Helgeland og DS Ranen. Ein gjennomførte kortvarige forsøk på cruisetrafikk med DS Ranen på 1920-talet. Det siste dampskipet gjekk ut av drift i 1955.

Selskapet gjekk inn i landtrafikken i 1938 då dei oppretta bilruter på Dønna. Etter ei rekkje oppkjøp av små, lokale buss-selskap i 1957, endra det namn til Helgeland Trafikkselskap A/S, og skaffa sin fyrste snøggbåt i 1976 - MS Træna som gjekk i rute mellom Træna og Sandnessjøen.

Selskapet har også drive eige reisebyrå i perioden 1959–2000, og skipa underselskap innan oljebransjen. I 1998 tok det namnet Helgelandske, som det har vorte kalla på folkemunne sidan oppstarten.

Historia til Helgelandske er fortald av Leif B. Lillegaard i boka Selskapet Vårres som vart gjeven ut i høve 125-årsjubileet i 1992. Størstedelen av Helgelandske vart kjøpt opp av det franske transportkonsernet Veolia i 2005, den gong heitte det Connex. I 2006 vart selskapet fullstendig kjøpt opp av Veolia.

Bussrutene som vart drivne av Helgelandske vart lagt ut på anbud, og vart kjøpt av Nordlandsbuss. 1. april 2005 overtok Nordlandsbuss bussrutene som Helgelandske hadde drive.

Veolia heldt fram med å nytta namnet Helgelandske og fargar og symbol frå selskapet etter overtakinga. Nytt namn på verksemda i Sandnessjøen er Veolia region Helgelandske. Reiarlagssjef i dag er Egil Pettersen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre