Helgemesse eller allehelgensdag er ei kristen høgtid som i den katolske og mange lutherske kyrkjer blir feira i byrjinga av november. I kyrkjer med helgenar minner ein alle helgenane ein ikkje kjenner namnet på denne dagen. I desse og andre tradisjonar er det også vanleg å minnast vanlege døde. Helgemesse vert i Den norske kyrkja feira første søndagen i november, medan han ligg fast på 1. november i katolsk og anglikansk tradisjon. Dagen før helgemesse er kjend som allehelgensaftan eller halloween. Dagen etter feirar nokre kyrkjer også alle sjelers messe.

Helgemessa markert med levande lys på graver i Litauen.
Katolsk helgemesseprosesjon på ein kyrkjegard i Sanok i Polen.
Decorating the Tombs. Illustrasjon frå 1885 av allehelgensdagen i New Orleans.

Minnedag endre

Helgemesse er opphavleg ein minnedag for alle helgenar. I Den norske kyrkja er dagen offisielt rekna som ein minnefest for alle dei som er gått føre – helgenar, martyrar og familiemedlemer, ein dag som vert feira for dei som lever.

Der er mange tradisjonar knytte til denne dagen i norske kyrkjer. Det er vanleg å tenne lys på gravene, i nokre kyrkjer ringer dei med klokkene. I mange kyrkjelyder minnest ein dei som er gått bort siste året denne dagen. I andre kyrkjelyder er denne minnemarkeringa i nyare tid flytta til nyårsaftan.

Det er skrive eigne salmar for helgemesse. Ein typisk helgemessesalme er Brorson sin salme «Den store, kvite flokk, å sjå», nr 245 i Norsk Salmebok.

Dato endre

Pave Gregor IV la feiringa av dagen til 1. november. I katolske og anglikanske tradisjonar er det vanleg å feira dagen fast denne datoen. I Den ortodokse kyrkja feirar ein allehelgensdag første søndag etter pinse.

Etter Kristian den femtes norske lov var Alle Helgens Dag heilagdag. Etter Festdagsreduksjonen i 1770 vart feiringa av dagen i Danmark og Noreg flytta til første søndagen i november. I Sverige er Alla helgons dag laurdagen før første søndagen i november.

Tilknytte høgtider endre

I den engelskspråklege verda har høgtida halloween utvikla seg frå allehelgensaftan. Fleire av tradisjonane rundt denne høgtida byggjer på tilknytinga til døde og sjelene deira, til dømes bruk av skjelett som pynt, utskorne lanterner som opphavleg skulle lysa veg for sjelene og beding om mat som «sjelekaker». Andre tradisjonar byggjer på uhygge og trollskap ein også meinte skulle gå føre seg denne natta. Desse skikkane kan også stamma frå den keltiske høgtida samhain.

I spanskspråkleg og amerikansk tradisjon elles er Día de los Muertos (eller Dia de Finados) ei høgtid for dei døde der helgemessa har smelta saman med heidenske dødsskikkar, til dømes frå Aztekarriket. Skikken er særleg kjend frå Mexico der ein byggjer altar og vitjar graver med calaveras (ulike typar utførlege skjelett og hovudskallar), blomar, lys, mat og drikke. Denne feiringa går over to dagar, 1. og 2. november.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Helgemesse