Hellesylt er ein tettstad i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke med 241 innbyggjarar per 1. januar 2023. Hellesylt ligg i enden av Sunnylvsfjorden, ikkje langt frå den meir kjente Geirangerfjorden, og er omkransa av fjell og dalar. Hellesylt er sentrum i Sunnylven.

Hellesylt
tettstad
Hellesylt
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Stranda
Areal 0,42 km²
Folketal 241  (2023)
Folketettleik 574 / km²
Postnummer 6218 HELLESYLT
Kart
Hellesylt
62°05′16″N 6°51′38″E / 62.087777777778°N 6.8605555555556°E / 62.087777777778; 6.8605555555556
Wikimedia Commons: Hellesylt

Hellesylt og soknepresten Ole Olsen Barman (f.1816)[1] kan vere inspirasjon for Ibsens dramatiske dikt Brand[2].

Teikning av Jacob Calmeyer, trykt i Norge fremstillet i Tegninger.

Fotnotar endre

  1. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.247 og s.293
  2. Koht, Halvdan (1954): Henrik Ibsen - eit diktarliv. Oslo: Aschehoug, bind 1, s.249.

Bakgrunnsstoff endre